• Start |
  • Varslingar |
  • Øyvar markerer Kongens …

Øyvar markerer Kongens gravferd onsdag

Onsdag blir det gjennomført ei nasjonal markering i samband med Kongens gravferd. Øyvar deltek i markeringa ved å halde eitt minutts stille frå kl. 13.00 til 13.01.

Av omsyn til markeringa vil dei tilsette på gjenbruksstasjonen på Midtstegen og miljøstasjonen på Tjeldstø legge ned arbeidet frå 13.00 til 13.01. Vi oppfordrar samtidig også besøkande på gjenbruksstasjonen og miljøstasjonen om å delta i markeringa med eitt minutts stille.

Sentralbordet vil vere stengt frå 13.00 til 13.01.

Drifta elles går som normalt gjennom dagen. Vi vil likevel, så langt det er mogleg, unngå støyande arbeid mellom kl. 13.00 og 15.00 for å vise respekt under den nasjonale markeringa.

Vi takkar for forståinga.