Dei som er tilknytt offentleg vassforsyning i Øygarden kommune, får i dag vatnet sitt frå vassverka Alvheim, Blomvåg, Bildøyvatnet, Fjæreide og Kørelen.
Våre abonnentar blir forsynt av fem ulike vassverk. På sikt ønsker vi ei sambinding av alle vassverk for å vere best mogleg rusta ved hendingar knytta til vassforsyninga vår.
er den viktigaste delen av transportsystemet, og representerer den største investeringa. Til saman har vi ca. 400 km med offentlege vassleidningar. Dei fleste av desse vassleidningane er lagt etter 1975. Leidningsnettet i Øygarden kommune er difor relativt nytt.
rundt om på leidningsnettet er bygde for å hjelpe til med å få levert nok vatn med tilstrekkeleg trykk til kundane våre. Alt vatnet som blir levert til abonnentane, har gått gjennom minst ein pumpestasjon.
blir nytta for å sikre stabil forsyning ved til dømes brot på vassleidning og straumstans i pumpestasjonar. I tillegg bidreg høgdebassenga til å jamne ut belastninga på leidningsnettet, ved at vatnet renn ut av bassenga når forbruket er størst, medan bassenga blir fylt opp når forbruket går ned (til dømes om natta).