Du vil bli varsla dersom vassverket eller styresmaktene meiner at vasskvaliteten er usikker. Det skjer dersom vassverket fryktar at vatnet kan innehalde helsefarlege mikroorganismar, og at vatnet difor kan føre til sjukdom.
Last ned: Retningslinjer-ved-kokevarsel.pdf
Koking dreper mikroorganismar som virus, bakteriar og parasittar. Vatnet må fosskoke. Ein vasskoker vil normalt bringe vatnet til fosskoking før den slår seg av, og det er tilstrekkeleg. Ved bruk av mikrobølgeovn må ein forsikre seg om at vatnet fosskokar. Etter at vatnet har fosskokt må det få tid til å bli avkjølt naturleg, utan tilsetting av isbitar eller liknande (til dømes nedkjøling i kjøleskap). Dersom vatnet inneheld partiklar eller er grumsete og at ein av estetiske grunnar ønsker å filtrere vatnet, må dette gjerast før koking, for å hindre at vatnet blir forureina på nytt. Eit alternativ til kokt vatn kan være flaskevatn.