Forklaring faktura
Få oversikt over gebyra for vatn, avløp og …
Alle eigedomar med privat avløpsanlegg som er omfatta av slamtømmeordninga, skal betale slamgebyr. Her finn du vilkår, dokumentasjon og korleis du søkjer om midlertidig fritak.
Alle eigedomar med privat avløpsanlegg som er omfatta av slamtømmeordninga, skal betale slamgebyr. Her finn du vilkår, dokumentasjon og korleis du søkjer om midlertidig fritak.

Alle eigedomar med privat avløpsanlegg som er omfatta av slamtømmeordninga, skal betale slamgebyr. Dette følgjer av Forskrift om tømming av private avløpsanlegg, Øygarden kommune, Vestland.
Du kan søkje om midlertidig fritak dersom bustaden eller bueininga ikkje skal brukast i komande tømmeperiode.
Terskelen for å få fritak eller redusert tømmefrekvens er høg. Kommunen har plikt til å sørgje for regelmessig tømming og tilsyn med private avløpsanlegg for å hindre forureining og sikre at anlegga fungerer som dei skal. Normal tømmefrekvens er kvart andre år for bustader og kvart fjerde år for fritidsbustader.
Du kan søkje om midlertidig fritak dersom du kan dokumentere at ingen skal bu i bustaden eller bueininga i neste tømmeperiode. Som hovudregel må bustaden eller bueininga stå tom i minst éin tømmeperiode.
For einebustadar kan kommunen/ØyVAR innvilge midlertidig endring i gebyr og tømmefrekvens. Dersom vilkåra er oppfylte, blir tømmefrekvensen endra frå tømming kvart andre år til tømming kvart fjerde år. Slamgebyret blir då redusert til same nivå som fritidsbustader med tømming kvart fjerde år.
Dette kan vere aktuelt dersom bustaden står tom i ein samanhengande periode på minst éin tømmeperiode fordi:
Dersom ein einebustad i praksis blir brukt som fritidsbustad, og ingen har folkeregistrert adresse der, kan abonnementet bli endra frå bustadabonnement til fritidsabonnement. Endringa gjeld frå neste tømmeperiode.
Du kan søkje om fritak for utleigedel dersom bueininga står tom eller er ubueleg i ein samanhengande periode på minst seks månader.
Fritak kan også vere aktuelt dersom heile huset blir brukt som ei bueining, eller utleigedelen ikkje lenger blir brukt eller leigd ut som eiga bueining.
Dersom utleigedelen blir teken i bruk igjen, leigd ut eller brukt som ei eiga bueining, må du melde frå til ØyVAR.
Fritidsbustader kan ikkje få midlertidig fritak frå slamgebyr. Det gjeld sjølv om fritidsbustaden er lite brukt eller står tom.
Du kan ikkje få fritak fordi:
Einebustad: Innvilga søknad betyr at tømmefrekvensen blir endra frå kvart andre år til kvart fjerde år. Endringa gjeld for éin tømmeperiode, det vil seie fire år. Dersom forholda framleis gir grunnlag for å endre tømmefrekvens, må du søkje på nytt før neste fireårige tømmeperiode startar.
Utleigedel: Fritak blir normalt gitt for inntil eitt år om gongen.
Varig fritak frå den kommunale tømmeordninga blir berre gitt når det er dokumentert at det ikkje lenger kan kome vatn til slamavskiljaren eller avløpsanlegget. Dette gjeld også dersom bygningen er riven eller brent ned.
Dersom eigedomen er tilknytt offentleg vatn, må stikkleidninga for vatn pluggast ved hovudleidninga. Dersom eigedomen ikkje er tilknytt offentleg vatn, må vassforsyninga til avløpsanlegget stengjast, og slamavskiljaren koplast frå og plomberast. Arbeidet må utførast av røyrleggjar, som også må melde dette til ØyVAR.
For utleigedel kan varig fritak vurderast dersom bueininga er permanent fjerna som eiga bueining. Det kan til dømes vere at vatn og avløp på kjøkken er kopla frå eller plombert og kjøkkeninnreiing er fjerna, eller det er opna opp mellom bueiningane slik at dei ikkje lenger fungerer som separate bueiningar.
Når du søkjer, må du leggje ved dokumentasjon som viser kvifor du har rett til fritak. Dette kan til dømes vere:
Fritak blir som hovudregel ikkje gitt tilbake i tid. Dersom søknaden blir innvilga, gjeld fritaket normalt frå tidspunktet vilkåra er oppfylte og vedtaket er gjort.
Dersom bygningen er riven eller brent ned, kan fritak tilbake i tid berre vurderast frå tidspunktet bygningen ikkje lenger kunne brukast, og når fråkopling eller plombering av vatn og avløp er dokumentert.
Du må melde frå til ØyVAR dersom grunnlaget for fritaket ikkje lenger er oppfylt. Det betyr at du må gi beskjed dersom bustaden eller bueininga blir teken i bruk igjen, leigd ut eller brukt på annan måte i fritaksperioden.
Dersom eigedommen blir tinglyst over på ny eigar i ein pågåande fritaksperiode, blir fritaket oppheva frå og med månaden etter tinglysingsdatoen. Frå same tidspunkt blir slamgebyr fakturert etter gjeldande satsar.
Dersom forholda som gav grunnlag for fritak framleis gjeld, må du sende inn ny søknad før fritaksperioden går ut. Forlenging skjer ikkje automatisk.
Dersom det ikkje er innvilga nytt fritak, vil slamgebyret bli fakturert som vanleg uavhengig av kor mykje bustaden blir brukt.
Søknad om fritak må sendast skriftleg via vårt elektroniske søknadsskjema. I skjemaet vel du Slamtømming.
Søknad om fritak frå slamgebyr
I søknaden må du gi nødvendige opplysningar og leggje ved relevant dokumentasjon som viser grunnlaget for fritak.
Mangelfulle eller ufullstendige søknader kan føre til lengre saksbehandlingstid.
Normal behandlingstid er inntil tre veker.
Dersom du får avslag på søknaden, eller meiner at vedtaket er feil, kan du klage. Informasjon om klagefrist og korleis du går fram, finn du i vedtaksbrevet.