Bli varsla
ØyVAR bruker varslingssystemet Varsling24 for å …
Her er ein forklaring til kva skjema som skal nyttast ved påkobling og informasjon rundt ØyVAR sit vatn- og avløpsnett.
Her er ein forklaring til kva skjema som skal nyttast ved påkobling og informasjon rundt ØyVAR sit vatn- og avløpsnett.

Dersom du ønsker å få tilsendt kart over vass- og avløpsleidningar for ein eigedom, kan du sende ein e-post til postboks@oyvar.no. I førespurnaden kan ein og be om å få tilsendt anna arkivmateriell for eigedomen sin. E-post må innehalde gards- og bruksnummer og anna relevant informasjon.
Skjema B skal nyttast ved førespurnad om førehandstilsegn for tilknyting til offentleg vatn- og/eller avløpsleidning, enten i samband med søknad om rammeløyve til Byggesaksavdelinga i Øygarden kommune eller i samband med søknad om frådeling av tomt.
Skjema skal fyllast ut online og sendast direkte til ØyVAR AS, via web-tenesta.
Som eigar av dei offentlege vatn- og avløpsleidningane i Øygarden kommune, skal ØyVAR godkjenne alle nye tilknytingar til leidningsnettet, og fastsette dei vilkåra som eventuelt vil bli lagt til grunn for ei slik godkjenning. Søknaden skal vere godkjent før fysisk tilkopling til det offentlege nettet skjer.
Skjema C skal nyttast i følgande tilfelle:
Denne godkjenninga av skjema C, er kun ei godkjenning i forhold til dei krava ØyVAR har i samband med tilkoplinga til vårt nett, samt ei registrering av kven som blir knyta til. Det må avklarast med byggesaksavdelinga i Øygarden kommune om tiltaket også krev søknad til kommunen etter plan- og bygningslova.
Generelt er grøftearbeid søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Ein slik søknad skal rettast til Øygarden kommune.
Dersom ein kryssar andre grunneigarar og/eller knyter seg til offentleg nett via andre private leidningar, skal det leggast ved erklæringar som sikrar desse rettane.
Skjema skal fyllast ut online og sendast direkte til ØyVAR AS, via web-tenesta.
Skjema D skal nyttast når arbeidet er ferdig utført. Her skal det leggast ved teikningar som viser faktisk utført leidningstrase - frå tilkoplingspunktet og fram til bygget som er tilknytt. Plassering av utvendig stoppekran og stakekum skal koordinatfestast eller målast inn ut i frå veggliv.
Dersom det er gjort vesentlege endringar i forhold til det som er godkjent i skjema C, skal det leverast nytt revidert skjema C med oppdaterte teikningar.
Skjema skal fyllast ut online og sendast direkte til ØyVAR AS, via web-tenesta.
Skjema E skal nyttast ved installasjon av vassmålar i bygg og skal meldast inn saman med skjema D for nye tilknytingar. Dersom ein eksisterande abonnent installerer vassmålar skal vassmålar meldast så snart som råd etter installasjon. Alle nye tilknytingar til offentleg vatn skal installere vassmålar. Det skal leggast ved bilete av vassmålar som viser serienummer og eit oversiktsbilete av heile installasjonen. Skjema skal fyllast ut online og sendast direkte til ØyVAR AS, via web-tenesta.
Skjema F skal nyttast til registrering av feittavskiljar. Skjema skal fyllast ut online og sendast direkte til ØyVAR AS, via web-tenesta. Søknad om installasjon av feittutskiljar skal sendast til Øygarden kommune som gjev påsleppsløyve og stiller krav til type feittutskiljar.
Skjema G skal nyttast til registrering av oljeavskiljar. Skjema skal fyllast ut online og sendast direkte til ØyVAR AS, via web-tenesta. Søknad om installasjon av oljeutskiljar skal sendast til Øygarden kommune som gjev påsleppsløyve og stiller krav til type oljeutskiljar.