Innlevering av restlopper
Lag, foreiningar og andre arrangørar av sporadisk …
Med god sortering heime, går besøket på gjenbruksstasjonen som ein draum.
Med god sortering heime, går besøket på gjenbruksstasjonen som ein draum.

Opplegget på begge gjenbruksstasjonane er at du kvittar deg med alle fraksjonar som kan gjenvinnast først og sit då igjen med det som er restavfall til slutt. Restavfallet skal vegast og du betaler 3 kr/kg for restavfallet.

Er du usikker på korleis du sorterer avfallet ditt, kan du konsultere sortere.no i forkant eller ta kontakt med vårt personale på gjenbruksstasjonen for rettleiing.
For å sleppe inn på gjenbruksstasjonen, må du laste ned ØyVAR-appen, logge inn med BankID og skanne QR-koden ved bommen. Alternativet for dei utan app er å få eit kundekort med brikke. Kundekortet kan du få på gjenbruksstasjonen. Les meir om ØyVAR-appen her.