• Start |
  • Rettleiingar |
  • Last ned ØyVAR-appen og …

Last ned ØyVAR-appen og slepp inn på gjenbruksstasjonen

No lanserer vi appen ØyVAR, og han må du ha for å kome inn på Midtstegen gjenbruksstasjon. Appen gir deg òg viktige varsel om bosstømming.

Vi jobbar for å gje deg betre tenester og lanserer no ein ny og betre app som heiter ØyVAR. Du må laste han ned før du dreg til Midtstegen gjenbruksstasjon. For å sleppe inn må du først registrere deg i appen og få ein QR-kode. Denne QR-koden bruker du til å opne bommen på Midtstegen gjenbruksstasjon.

Slik gjer du det:

  • Last ned ØyVAR-appen frå App Store eller Google Play.
  • Logg inn med BankID.
  • Det er eigaren av eigedomen som må registrere seg først og få QR-koden.
  • QR-koden kan deretter delast med andre i husstanden eller med leigetakarar.

Funksjonar i appen

  • Tilgang til gjenbruksstasjonen
  • Varsel om eventuelle endringar i bosstømminga om noko uventa skulle skje.
  • Tømmekalender med varsel om henting.
  • Oversikt over returpunkt i Øygarden.
  • Rettleiiing om sortering.

ØyVAR-appen erstattar appen “Min Renovasjon”, som ikkje lenger vil bli oppdatert. Du kan derfor slette “Min Renovasjon”-appen.

Rett pris for alle

Det er fleire årsaker til at vi no har laga ein ny og betre app. Ei av dei er å sikre at alle betaler rett pris på gjenbruksstasjonen.

– ØyVAR har to ulike prismodellar for levering av avfall. Abonnentar i bustader og hytter betaler redusert pris, som vert subsidiert gjennom renovasjonsavgifta. Bedrifts- og næringskundar, samt kundar frå andre kommunar, skal betale full pris, forklarar fagsjef for renovasjon i ØyVAR, Espen Elstad.

Inntil no har det vore vanskeleg å skilje mellom bedriftskundar som kjem i privatbil, kundar frå andre kommunar og privatkundar som kjem i firmabil. Den nye ordninga sikrar at abonnentane ikkje dekker kostnadane for andre.

– Med “ØyVAR-appen kan vi sikre at privatkundar ikkje betaler for avfallet til gratispassasjerar eller næringskundar. Det er ei rettferdig løysing for alle, seier Elstad.

Vi jobbar med å skape endå betre tenester og gjere kvardagen enklare for deg. Det vil derfor komme endå fleire funksjonar i appen etter kvart. Når den nye gjenbruksstasjonen på Straume opnar i 2026, blir betalinga heilautomatisert – og då er det ØyVAR-appen du skal bruke.

Alternativ for dei utan app

Om du ikkje ønsker å bruke appen eller synest det er vanskeleg, kan du kjøpe eit kundekort med brikke på gjenbruksstasjonen.

Dette kostar 250 kroner. Mister du kortet, må du hugse å sperre det for å hindre misbruk.

Last ned ØyVAR-appen i dag, slik at du er klar for neste besøk på gjenbruksstasjonen.

 

Last ned ØyVAR-appen for iPhone her | Last ned ØyVAR-appen for Android her