Kvifor tener ikkje ØyVAR pengar – og kva betyr «sjølvkost»?
ØyVAR driv renovasjon og avfallshandtering etter sjølvkostprinsippet. Det betyr enkelt sagt at vi ikkje har lov til å tene pengar på tenestene vi leverer.
ØyVAR driv renovasjon og avfallshandtering etter sjølvkostprinsippet. Det betyr enkelt sagt at vi ikkje har lov til å tene pengar på tenestene vi leverer.
Alle kostnader knytt til renovasjon, innsamling, transport, behandling av avfall, drift av gjenbruksstasjonar, utstyr og administrasjon – skal dekkast gjennom renovasjonsgebyra frå abonnentane. Samtidig har vi plikt til å drive så kostnadseffektivt som mogleg, innanfor dei rammene lovverk og nasjonale krav set.
Kvifor er det viktig å redusere restavfallet?
Kostnadene for å levere restavfall til forbrenning er venta å auke i åra som kjem. Samtidig er restavfall den fraksjonen som gir minst miljøgevinst, og som kostar mest å handtere. Derfor ønsker vi å flytte mest mogleg av avfallet over i fraksjonar som kan materialgjenvinnast, som plast, papp og papir. Når desse fraksjonane er reine og rett sortert, får ØyVAR refundert delar av kostnaden ved levering. Det kjem i siste instans alle abonnentane til gode.
Forureinar betaler
Eit anna viktig prinsipp som vil få større betydning framover, er at forureinar betaler. Det betyr at kostnadene i mindre grad blir fordelte likt på alle, og i større grad knytt til faktisk bruk. I praksis inneber dette at:
- dei som kastar lite restavfall, betaler mindre
- dei som kastar meir, betaler meir
Målet er ikkje å straffe nokon, men å sikre ei rettferdig fordeling av kostnader, der ein i størst mogleg grad betaler for den belastninga ein faktisk legg på systemet.