Frå årsskiftet går Øygarden kommune over til vektbasert renovasjon for hushald og fritidsbustader. Endringa er vedteken av kommunestyret og betyr at renovasjonsgebyret blir delt i to: eit fast grunngebyr og eit variabelt gebyr for kvar kilo restavfall du kastar.
Sjå gebyrregulativ for renovasjon
-
Grunngebyr: Husstandar med matavfallsdunk eller avtale om heimekompostering betaler eit grunngebyr, som mellom anna dekkjer henting av matavfall, papp og papir, plastemballasje og glas- og metallemballasje.
-
Variabelt gebyr: I tillegg til det faste grunngebyret må du betale for talet på kilo restavfall du kastar.
-
Vektbasert betaling: Alle renovasjonsbilar er utstyrte med vekter som veg kvar restavfallsdunk med nøyaktigheit på 1 kg (avrunda til næraste partal).
-
Belønning: Du får lågare renovasjonsrekning om du kjeldesorterer avfall effektivt og reduserer restavfallet.
-
Levering på gjenbruksstasjonar:
Gebyrordninga er todelt:
- Inngangsgebyr: Husstandar har ei kvote på tre gratis besøk på gjenbruksstasjonen per år. Frå og med 4. levering må du betale inngangsgebyr per besøk.
- Kilogebyr: Du betaler berre per kilo for restavfall og deponiavfall, som er massar og varer som ikkje kan gjenvinnast. Alle andre rett sorterte avfallstypar kan leverast utan ekstra kostnad.
Bakgrunn og mål for ordninga
ØyVAR er plikta til å følgje nasjonale og kommunale miljømål for sortering av avfall. Vi har sett framgang på fleire område, men restavfallet er framleis for høgt. Analysar frå Rong og Vik i november 2022 viste at nesten halvparten av avfallet i restavfallsdunken eigentleg kunne vore sortert ut.
For å teste ei betre og meir motiverande ordning gjennomførte kommunen eit pilotprosjekt med ei vektbasert renovasjonsordning på Rong.
Målet med pilotprosjektet var å gi innbyggjarane betre kunnskap om kjeldesortering og belønne dei som reduserte restavfallet sitt med lågare renovasjonsgebyr. Slik ville kommunen også støtte arbeidet med å bli meir klima- og miljøvennleg, i tråd med FN sine berekraftmål.
Resultata frå 2025, etter halvanna år med pilotprosjektet, var gode: Hushald med vektbasert gebyr kasta i snitt 43 prosent mindre restavfall enn referanseområdet. No går heile Øygarden kommune over til eit vektbasert system.
Dei langsiktige måla er:
- Å redusere restavfall per innbyggjar med 50 prosent innan 2030.
- Å bidra til nasjonale og EU-mål for kjeldesortering og gjenvinning.
- Å fremje berekraftig forvaltning av naturressursar og utvikle eit lågutsleppsamfunn i Øygarden.
Slik fungerer ordninga i praksis
- Restavfallsdunken din blir vegd på renovasjonsbilen ved tømming.
- Kvar dunk er utstyrt med ei sensorbrikke, slik at vekta på restavfallet kan bli registrert på abonnementet ditt.
- Utanom grunngebyret betaler du berre for talet på kilo som ligg i restavfallsdunken din.
- Husstandar som reduserer restavfallet, betaler mindre i renovasjonsgebyr.
- Du kan levere rett sortert avfall utan ekstra kostnad på gjenbruksstasjonane.
- På gjenbruksstasjonen betaler du for talet på kilo restavfall og deponiavfall, altså avfall som ikkje kan gjenvinnast.
- Du får ei kvote på tre gratis innkøyringar på gjenbruksstasjonen i året. Bruker du opp kvota før året er omme, må du betale for å kome inn.
Kom i gang med kjeldesortering
Å kome i gang med kjeldesortering er enklare enn du trur. Innsatsen din heime utgjer ein stor forskjell både for miljøet og for renovasjonsrekninga di.
Tips for effektiv sortering:
-
Informasjon: Sjekk kva typar avfall som kan sorterast på oyvar.no/renovasjon/sortering/ og sortere.no.
-
Innkjøp av avfallsbøtter: Skaff bøtter for dei ulike avfallstypane.
-
Plassering: Ha bøttene lett tilgjengelege, til dømes på kjøkkenet eller der du vanlegvis kvittar deg med avfall.
-
Merking: Merk bøttene tydeleg for å unngå forvirring. Dette gjer det enklare for alle i husstanden å delta.
-
Start enkelt: Begynn med dei mest opplagte typane: papir, papp, plast og metall- og glasemballasje. Utvid etter kvart.
-
Skap vane: Gjer sortering til ei vane. Etter kvart som det blir ein del av rutinen din, vil det kjennast naturleg å sortere avfallet rett.
-
Engasjer familien: Involver heile familien eller husstanden i prosessen. Diskuter kvifor det er viktig og korleis det bidreg til miljøet.
-
Belønning: Lag eit lite belønningssystem for deg sjølv eller familien for å oppmuntre til rett sortering.
-
Hald det enkelt: Gjer det ikkje meir komplisert enn nødvendig i byrjinga. Litt sortering er betre enn ingen, og du kan justere systemet etter kvart som du blir meir komfortabel.
Kvar liten innsats tel, og å kome i gang med kjeldesortering er eit viktig steg mot ein meir berekraftig livsstil.
Følgjer du denne rettleiinga kan du:
- bidra til å redusere miljøbelastninga
- spare pengar på renovasjonsgebyret
- vere med på å gjere Øygarden til ein føregangskommune innan kjeldesortering og gjenvinning
Takk for at du kjeldesorterer!