Kva dekker vatn og avløpsfakturaen?
Her får du ei rask innføring i kva du betaler for …
Få oversikt over gebyra for vatn, avløp og renovasjon. Finn ut korleis faste og variable kostnader blir berekna basert på forbruk, areal og type eigedom.
Få oversikt over gebyra for vatn, avløp og renovasjon. Finn ut korleis faste og variable kostnader blir berekna basert på forbruk, areal og type eigedom.

Er den faste delen av vassgebyret som består av ein fast sats pr brukseining eller pr. bueining på eigedommen. Satsen er kr 749,- pr eining.
Eksempel: Ein einebustad med hybel er 2 bueiningar og vil då bli belasta for to einingar:
2 x 749 kr = 1 498 kr.
Er den faste, variable delen av vassgebyret som blir berekna ut frå bustadens bruksareal. Prisen for fastleddet er 9,98 kr pr kvadratmeter.
Eksempel: Ein einebustad på 200 kvadratmeter (m²) må betale 1 996 kr.
Denne delen er basert på vassmålar, om du har det, eller den blir stipulert basert på areal. Forbruket er berekna til 1,2 kubikkmeter vatn pr. kvadratmeter i året (1,2 m³/m²).
Eksempel:
For ein bustad på 200 m² er det berekna at forbruket er 240 kubikkmeter vatn i året. Men, det er i gebyrregulativet satt ei øvre grense på 180 m² pr bueining ved utrekning av stipulert forbruk.
Så i dette eksempelet blir forbruket stipulert til 216 kubikkmeter vatn (180 m² x 1,2). Satsen pr 01.01.2026 er 22,22 kr pr kubikkmeter (m³) vatn. Dette utgjer kr 4 799,52 i året.
Er den faste delen av avløpsgebyret som består av ein fast sats pr brukseining eller pr bueining på eigedommen. Prisen for fastleddet er 3 135 kr pr eining.
Er den faste, variable delen av avløpsgebyret som blir berekna ut frå bustadens bruksareal. Prisen for fastleddet er 5,02 kr pr kvadratmeter.
Eksempel: Ein einebustad på 200 kvadratmeter (m²) belastast med 1 004 kr i året.
Betyr berekna eller stipulert forbruk. Alle som ikkje har vassmålar betalar for eit stipulert forbruk. Forbruket er berekna til 1,2 kubikkmeter vatn pr. kvadratmeter i året (1,2 m³/m²). Det er i gebyrregulativet satt ei øvre grense på 180 m² pr bueining ved utrekning av stipulert forbruk.
Eksempel:
For ein bustad på 200 m²er forbruket stipulert til 216 kubikkmeter (180 m² x 1,2). Satsen frå 01.01.2026 er 30,60 kr pr kubikkmeter (m³) avløp. Det utgjer kr 6 609,6 i året.
Dette er det ein ordinær bustad må betala for renovasjon.
Dette inneber 4 spann: mat, rest, papir og glas- og metallemballasje
Dette er det ein ordinær husstand med heimekompost må betale for renovasjon. Dette abonnementet er billigare enn standardabonnementet då det ikkje er innhenting av matavfall. Abonnementet inneber 3 spann: rest, papir og glas- og metallemballasje
Dette er berekna ut i frå kor mange kg restavfall du har levert i din restavfallsdunk. Vekt restavfall blir målt av bossbilen ved tømming.
Eksempel:
Du har levert 6 kg restavfall 2 gonger forrige månad (2 x 6kg = 12 kg), satsen frå 01.01.2026 er 5 kr per kg. Då blir du fakturert for 12 kg x 5 kr/kg = 60 kr.
Dette er eit gebyr som bustader som har slamavskiljar/septiktank med eige/privat utslepp betalar.
Dette er eit gebyr som skal nyttast til kostnader i samband med kontroll av og tilsyn med avløpsanlegg. Kvar eigedom skal betale eit gebyr per avløpsanlegg.
Oppdatert 04.02.2026