Sidemeny:

ØyVAR AS pliktar å rette seg etter miljømål for sortering av avfall. På fleire område ser vi stadig forbetring, men når det gjeld restavfall, har vi eit stykke att. Derfor testar vi ut eit nytt konsept som går ut på at dei innbyggjarane som sorterer avfallet sitt, skal få noko att for det.

Spar opptil 30 %

I Øygarden skal vi bli betre på kjeldesortering og redusere mengda restavfall. I 2024 testar vi ein ny gebyrmodell i tømmesona til Rongøyna. ØyVAR vil undersøkje om insentiv i form av lågare gebyr motiverer husstandane til betre kjeldesortering.

Vi veg restavfallet

Alle renovasjonsbilane er utstyrte med vekter. Desse veg kvar avfallsdunk med ei nøyaktigheit på 1 kilo (runda av til næraste partal). Om det er under 1 kg i spannet vert det registrert 0 kg. Er det over 1 kg i spannet, blir vekta runda av til 2 kg. 

Ny fakturamodell

Vi innfører eitt basisgebyr for husstandar som har dunk for matavfall, og eitt basisgebyr for husstandar med avtale om heimekompostering.

Husstandar på Rongøyna har gratis levering på gjenbruksstasjonane. Unntaket er restavfall, der dei må betale per kilo.

Rong er først ut

I november 2022 gjennomførte ØyVAR plukkanalysar på Rong og Vik for å evaluere avfallssamansetninga. Analysane viste at nær 50 % av restavfallet i kunne ha vore sortert i andre avfallsdunkar, til dømes matavfall, papp/papir eller returplast, eller levert til mottak.

Målet med pilotprosjektet er å informere og auke kunnskapen om kjeldesortering blant husstandane. Ein reduksjon i renovasjonsgebyret vil fungere som insentiv for dei som er flinke til å kjeldesortere og dermed reduserer restavfallet. Meir informasjon om pilotprosjektet finn du her