• Start |
  • Renovasjon |
  • Tømmekalender

Tømmekalender og returpunkt

Tømmekalender for din eigedom finn du ved å søke på adressa i kartet. Bruk nettlesar versjonen, eller laste ned appen "ØyVAR" og søk opp din adresse der.

Returpunkt

Farga og klårt glas kan du legge i same behaldar. Metallemballasje kan du legge i lag med glaset. Steintøy, porselen og keramikk er restavfall, og skal ikkje kastast på returpunkta.

Hytterenovasjon

Behaldarane er så langt det lèt seg gjere, plassert i nærleiken av dei stadene det er hytter. Avfallet frå hytter på øyer utan vegsamband kan leverast på kaiar der det er sett ut behaldarar for hytterenovasjon. Behaldarar for hytterenovasjon skal ikkje nyttast av fastbuande.

Alle hytteabonnentane kan levere avfall til gjenvinning på gjenbruksstasjonen.

Hytteavfallet blir henta kvar 14 dag om vinteren og ein gong kvar veke om sommaren.