• Start |
  • Renovasjon |
  • Tekstilhenting

Få tekstilane henta heime med Omlo

Har du ikkje høve til å levere tekstilar sjølv? Bestill ein gratis Omlo-pose, fyll han med klede og tekstilar, og få han henta heime.

Kven er tilbodet for?

Dei fleste av oss kan levere tekstilar i innsamlingsboksane på returpunkta og på gjenbruksstasjonen. Tekstilhenting med Omlo er eit ekstra tilbod på toppen av dette – for deg som ikkje har høve til å levere sjølv. Det kan til dømes vere fordi du ikkje har bil, har nedsett mobilitet eller bur langt frå næraste innsamlingspunkt.

Tenesta er gratis for alle hushald i Øygarden kommune.

Kvifor tilbyr vi dette?

Sidan 1. januar 2025 skal alle tekstilar sorterast ut – også dei som er øydelagde. Tekstilar skal ikkje i restavfallet. Vi ønskjer at det skal vere enkelt for alle å gjere dette rett, uansett kvar og korleis du bur.

Omlo er tekstilinnsamlinga som tidlegare heitte Loggit. ØyVAR har testa ordninga i eit pilotprosjekt, og no er ho eit fast tilbod.

Slik fungerer det

  • Bestill pose på omlo.no.
  • Fyll posen med reine og tørre klede og tekstilar.
  • Registrer posen og bestill henting.

Kva som kan leggjast i posen og korleis hentinga går føre seg, kan endre seg. Oppdatert rettleiing finn du derfor alltid hos Omlo.

Andre måtar å levere tekstilar på

  • Innsamlingsboksar på returpunkt: Fleire av returpunkta våre har innsamlingsboksar for tekstilar. Sjå kart over returpunkta.
  • Gjenbruksstasjonane: Reine og tørre tekstilar kan du levere i innsamlingsboksane på gjenbruksstasjonen. Fuktige, skitne og mugne tekstilar og heilt utslitne sko leverer du i eigne behaldarar inne på gjenbruksstasjonen. Sjå opningstider.
  • Ombruksbutikken på Straume: Har du ting i god stand som andre kan bruke vidare, kan du gi dei nytt liv via Ombruksbutikken.
  • Restlopper: Lag og foreiningar som sit igjen med usolgte lopper etter loppemarknad, kan levere restloppene på gjenbruksstasjonane til hushaldsprisar.

Les meir om korleis du sorterer tekstilavfall.