• Start |
  • Renovasjon |
  • Sortering |
  • Tekstilavfall

Tekstilavfall

Lever brukbare tekstilar på innsamlingspunkta for tekstil. Øydelagde, våte, skitne og mugne tekstilar leverer du på gjenbruksstasjonen i Midtstegen.

Dersom tekstilane er reine og tørre, oppmodar vi til at dei blir levert til ombruk og materialgjenvinning via innsamlingsboksar som står på gjenbruksstasjonen og på fleire av returpunkta våre. Utslitne, holete og øydelagde tekstilar kan òg kastast i desse innsamlingsboksane.

Merk at tekstilar som er fuktige, skitne eller mugne, kastast i eigne behaldarar inne på Midtstegen gjenbruksstasjon. Her kan du òg kaste heilt utslitne sko som ikkje eignar seg for ombruk. I dag vil desse gå til forbrenning slik som restavfallet, men vi arbeidar med løysingar for at også delar av desse tekstilane skal gå til materialgjenvinning. Derfor oppmodar vi til å levere dei på gjenbruksstasjonen, sjølv om det ikkje er eit forbod mot å kaste dei i restavfallet.

No må vi få kontroll over mengdene med tekstil og så finne best mogleg løysingar for desse.

Tekstilindustrien er ein av verdas mest forureinande bransjar, og vi må alle bidra til å redusere avfallsmengda. Gjennom betre sortering kan vi sørgje for at ressursar blir utnytta betre, og at meir kan bli gjenvunne til nye produkt. Sjølv om det ikkje finst gode teknologiske løysingar for berekraftig resirkulering av klesavfall i stor skala enno, er sortering viktig.

Det beste tiltaket for å redusere miljøbelastninga frå tekstilindustrien er framleis å kjøpe mindre klede. Det gjev ein større positiv miljøeffekt enn både ombruk og gjenvinning.