For å levere plastemballasje til gjenvinning, festar du sekken med plastemballasje på spannet for papp- og papiravfall på tømmedagen.
Returplastsekkane skal berre brukast til plastemballasje. Brukar du returplastsekken til å levere restavfall i, kostar det deg 10 kr ekstra per sekk.
Gratis med returplastsekkar
Returplastsekkane er laga for å samle inn plast til gjenvinning. Når dei blir brukt til restavfall, blir sorteringsprosessen meir komplisert og kostbar. For at plasten skal kunne bli til nye produkt, er det viktig å bruke sekkane slik dei er tenkt. Brukar du returplastsekkane til returplast får du sekkane gratis.
Det er viktig at restavfallssekkane også er gjennomsiktige. Årsaka er at det skal vere mogleg å sjå om avfallet er sortert riktig. Har det hamna til eksempel batteri i restavfallet, er det viktig å få det sortert ut for å unngå brann.
Spann til plastemmballasje
Dersom du ønsker det, kan du kjøpe eit eige spann til plastemballasje. Dette fungerer berre som oppbevaring. På tømmedagen må du ta sekken med plastemballasje ut av spannet og feste den på spannet for papp- og papiravfall.
Spannet får du kjøpt på hovudkontoret i Lonavegen 20 (prisen finn du i prislista).
