• Start |
  • Renovasjon |
  • Sortering |
  • Metallemballasje

Metallemballasje

Metallemballasje leverer du til returpunkt fram til du har fått spann for glas- og metallemballasje utdelt.

Alle hushaldningar i Øygarden får i desse dagar eige spann til glas- og metallemballasje. Dette gjer det enkelt å kjeldesortere og bidra til at verdifulle råstoff kan brukast på nytt. Du får SMS når vi er klare til å dele ut spann til ditt område.

Korleis bruke spannet

Skyl emballasjen i kaldt vatn og la han tørke. La etiketten sitje på. Kast alt laust i spannet – ikkje bruk pose.

Dette kan du kaste i spannet for metallemballasje:

  • Hermetikkboksar
  • Aluminiumsformer og -folie
  • Metallkorkar og -lokk
  • Påleggstubar av metall
  • Brus- og ølboksar utan pant
  • Telyshaldarar i metall

Dette kan du ikkje kaste i spannet for metallemballasje:

  • Metall som ikkje er emballasje (t.d. gryter, sakser)
  • Chipsposar og liknande med innvendig sølvbelegg
  • Sprayboksar som ikkje har innehalde mat
  • Batteri
  • Skarpe metallgjenstandar, som knivar, spikar og skruar

Kva skjer med avfallet?

Metallemballasjen blir sendt til gjenvinningsanlegget Sirkel i Fredrikstad, der metall blir sortert ut og sendt til materialgjenvinning.

Metallet kan bli til felgar, sykkelrammer, stolar, spikrar, verktøy, golfkøller, aluminiumsfolie eller andre metallprodukt. Metallemballasje kan gjenvinnast uendeleg mange gonger utan å miste kvalitet.

Takk for at du kjeldesorterer!

 

Vil du dele spann for glas- og metallemballasje med naboen?

Har du ikkje plass til det nye spannet for glas- og metallemballasje? Då kan du spørje naboen om å dele – men hugs å sende inn skjemaet først.

Skjema for å dele spann for glas- og metallemballasje