I Øygarden kommune må du sortere ut matavfallet, enten du leverer avfallet i eit matavfallsspann eller komposterer det sjølv. Matavfallet som blir henta inn hos hushaldsabonnentane blir frakta til biogassanlegget på Voss der det blir omdanna til biogass og gjødsel.
Dersom du ønsker å heimekompostere, kan du ta kontakt med ØyVAR. Sjå gjerne rettleiing om heimekompostering for informasjon om korleis du kjem i gang.
