Hageavfall som greiner, kvist, gras, lauv og små plantar kan leverast kostnadsfritt på hagemottaket utanfor gjenbruksstasjonen. Avfallet må ikkje vere blanda med plast, stein eller anna avfall. Hugs at sekkar med hageavfall må tømmast, og at plastsekkane skal kastast i ein eigen behaldar.
Gratis levering på gjenbruksstasjonen i Midtstegen
Dersom du leverer hageavfallet ditt på gjenbruksstasjonen i Midtstegen er det heilt gratis. Då treng du heller ikkje bruke ein av dei gratis innkøyringane dine. Dersom du leverer hageavfallet på Straume, må du gjennom bommen og innkøyringa på gjenbruksstasjonen blir registrert på kvota di eller du må betale innkøyringsgebyr.
Unngå villfyllingar
Sjølv om vanlege hageplantar ikkje er ein trussel i hagen, kan dei skade det biologiske mangfaldet om dei kjem ut i naturen. Derfor er det viktig å kaste hageavfallet på eit mottak for hageavfall.
Det er ingen god idé å brenne hageavfallet i hagen når det er tørt i graset, og det er heller ikkje lurt å samle det i haugar i hagen over lengre tid. Slike villfyllingar blir fort yngleplassar for rotter og andre skadedyr.
Framande artar skal ikkje i hageavfallet
Det er riktignok ikkje alle plantar som kan kastast i hageavfallet. Nokre plantar kan skade naturen om dei spreier seg. Framande artar som parkslirekne, rynkerose, gullregn, lupinar, landøyda og kjempebjørnekjeks skal ikkje kastast saman med hageavfall. Desse må pakkast i tette sekker og leverast som restavfall inne på gjenbruksstasjonen.
Hageavfallet du leverer til hagemottaket vert kverna og kompostert til nye jordprodukt, som til dømes kompoststrø eller biodrivstoff.