Alle hushaldningar i Øygarden får i desse dagar eige spann til glas- og metallemballasje. Dette gjer det enkelt å kjeldesortere og bidra til at verdifulle råstoff kan brukast på nytt. Du får SMS når vi er klare til å dele ut spann til ditt område.
Korleis bruke spannet
Skyl emballasjen i kaldt vatn og la han tørke. La etiketten sitje på. Kast alt laust i spannet – ikkje bruk pose. Det gjer ingenting om noko knuser.
Dette kan du kaste i spannet for glasemballasje:
- Syltetøyglas og glasflasker
- Sauseglas, barnematglas og liknande
- Vin- og ølflasker utan pant
- Glasflasker utan pant til vin, brus o.l.
- Tomme parfyme- og deodorantflasker i glas
- Hudkremkrukker i glas
- Tomme medisinglas
Dette kan du ikkje kaste i spannet for glasemballasje:
- Glas som ikkje er emballasje (t.d. vinglas, drikkeglas)
- Keramikk, porselen og krystall
- Spegel og vindaugsglas
- Lyspærer
- Eldfaste former
- Drikkeglas og tallerkenar
Kva skjer med avfallet?
Glasemballasjen blir sendt til gjenvinningsanlegget Sirkel i Fredrikstad, der glaset blir sortert etter type og kvalitet.
All glasemballasje blir gjenvunnen til nye produkt. Mesteparten av glaset blir til glasflasker, syltetøyglas eller anna emballasje ved glasverk i Europa. Resten blir brukt til å lage isolasjon eller byggematerialet Glasopor, som blir produsert i Noreg.
Takk for at du kjeldesorterer!
Vil du dele spann for glas- og metallemballasje med naboen?
Har du ikkje plass til det nye spannet for glas- og metallemballasje? Då kan du spørje naboen om å dele – men hugs å sende inn skjemaet først.
Skjema for å dele spann for glas- og metallemballasje
