ØyVAR har som målsetting å arbeide for høg grad av kjeldesortering og gjenvinning. Hushalda pliktar å sortere avfallet sitt, og renovatørane pliktar å ta med kjeldesortert avfall.
Alle hushald i Øygarden kommune får utlevert spann for matavfall, restavfall, papir og sekkar til hushaldningsplast. Matavfall kan enten leverast eller heimekomposterast.
Restavfall vert henta kvar 14 dag, Matavfall kvar 14 dag, Papir/plast vert henta ein gang pr månad.
Sjå også sortere.no for meir informasjon om kjeldesortering.
Ordning: henteordning eller heimekompostering
Ja, takk!
Nei, takk!
Knyt ein blank plastpose på matavfallsspannet ditt, så får du ein rull med bioposar frå renovatørane.
Du kan også få bioposar på gjenbruksstasjonen i Lonavegen 20 og i Midtstegen 50.
Matavfallet som ØyVAR samlar inn blir gjenbruken til biogass og gjødsel. Det er likevel eit mål å avgrense mengda mat som endar i matspannet. Bruk sansane – lukt og smak på maten før du eventuelt kastar den.
Ordning: henteordning
Ja, takk!
Nei, takk!
Du kan vere med i trekning av 10 000 kr og 100 000 kr!
Slik deltar du i returkartonglotterier:
Du kan delta med alle typar drikkekartong og uansett om dei er store eller små. Du kan velje om du vil levere kartongane enkeltvis eller i kubbar. Les meir om returkartonglotteriet her: https://www.grontpunkt.no/resirkulering/returkartonglotteriet
Ordning: henteordning
Ja, takk!
Nei, takk!
Sekken med plastavfall set du ut saman med papirspannet den dagen det skal tømmast. Legg knuten på returplastsekken under lokket på papirspannet. Alternativ kan du få ein krok til å feste sekken på spannet med.
Knyt ein blank plastpose på papirspannet ditt, så får du ein rull med returplastsekkar frå renovatørane.
Du får nye sekkar til plast hos oss i på gjenbruksstasjonane i Lonavegen 20 og i Midtstegen 50.
Ordning: henteordning
Ja, takk!
Nei, takk!
Hushald med lite boss kan inngå avtale om småhushald, det vil sei henting av restavfall kvar fjerde veke. Dette gir ei reduksjon i renovasjonsgebyret.
Hushald med mykje boss kan få eit større spann for restavfall.
Endringar i abonnementet kan gjerast på nettsida vår.
Ja, takk!
Nei, takk!
Alt glas- og metallavfall i Norge bil sendt til Sirkula i Fredrikstad. Der blir 100 % av utsortert glas- og metallemballasje gjenvunne.
Ordning: bringeordning til gjenbruksstasjon
Farleg avfall er avfall som kan forureine eller gjere skade på menneske og dyr. Avfallet må handterast på ein forsvarleg måte for å unngå skade.
Farleg avfall kan leverast på gjenbruksstasjonane på Straume og i Midtstegen. Det er også mogeleg å levere farleg avfall på miljøstasjonen på Tjeldstø.
Ja, takk!
Nei, takk!
Du må ta kontakt med politiet for å kvitte deg med eksplosivar og ammunisjon.
Du treng:
Slik gjer du:
Ta gjerne kontakt med gjenbruksstasjonen for instruksjon på forsvarleg pakking av asbest. Les også det arbeidstilsynet har skrive om privatpersonar og arbeid med asbest.