For å sikre ein god og rettferdig handsaming av avfall frå både privatpersonar og næringsdrivande, har ØyVAR innført adgangskontroll på våre gjenvinningsstasjonar. Dette gjer at vi kan skilje mellom private kundar og bedrifter på ein ryddig måte.
Oppretting av kundekonto
Bedrifter som ønsker faktura ved levering av avfall, må ta kontakt med oss på førehand for å opprette ein kundekonto.
Når kundekontoen er oppretta, vil de kunne hente eller få tilsendt eigne adgangskort som skannast ved inngangsporten. Kundekontoen gir moglegheit til å levere avfall på kreditt, og de vil bli fakturert etterskotsvis ein gong per månad.
Levering utan kundekonto
Det er fullt mogeleg å levere avfall utan kundekonto. Betaling må då skje med kort eller Vipps ved utkøyring.
Viktig informasjon
- Adgangskort for privatkundar er kun for privatpersonar.
- Næringsdrivande kan ikkje nytta privat adgangskort, sjølv om oppdraget utførast for ein privatkunde.
- Våre tilsette kan avvise bruk av privat adgangskort dersom dei vurderer at leveringa skjer på vegne av ei bedrift.
- Adgangskortet kostar 250 kr/stk
Slik søker du om kundekonto for bedrift
Fyll ut skjema for kundekonto for å søke om kundekonto. Vi utfører ein kredittsjekk av alle bedrifter som søker.