ØyVAR AS fell inn under openheitslova og forankra 17. oktober 2022 arbeidet med aktsemdsvurderingar i styret. Rutine for handtering av krav om innsyn er også behandla i styret og er tilgjengeleg for alle tilsette i det interne kvalitetssystemet. På ØyVAR sine nettsider er dei etiske retningslinjene publiserte saman med informasjon om ØyVAR sitt arbeid med openheitslova og korleis ein kan kontakte selskapet dersom ein ønskjer innsyn i arbeidet.
Oppdatering av aktsemdsvurdering blei gjennomført i 2025 med gjennomgang av eventuelt nye leverandørar. Ingen av leverandørane held til i høgrisikoland, og bransjen med høgast risiko er bygg- og anleggsbransjen. Derfor har ØyVAR si leverandøroppfølging fokusert på bygg- og anleggsbransjen. Det blei gjennomført revisjon av utvalde leverandørar i 2025, og alle dei sju undersøkte leverandørane kunne vise til ingen alvorlege avvik.
Oppfølging av HMT i avløpsanlegg
Arbeid i avløpsanlegg medfører ein del risikomoment som mange av samarbeidspartnarane våre ikkje er klar over. Vi har derfor laga ei rettleiing til alle som skal jobbe i våre avløpsanlegg, både for at informasjon om risikomoment skal vere lett tilgjengeleg for alle som skal gjere ein jobb for oss, og for at dei enkelte arbeidsgivarane lett skal sjå kva vi forventar av dei. ØyVAR heldt fram med oppfølging av HMT-krav knytte til bruk av gassmålar, andedragsvern og arbeidsklede. Vi har observert betring i HMT-arbeidet hos våre leverandørar i løpet av 2025.
Leverandøranalyse
Ettersom nye leverandørar blir tekne i bruk, blir desse fortløpande vurderte for krav om medlemskap i StartBANK. I StartBANK er det enkelt å følgje med på kredittvurdering og etterleving av HMT-regelverk. I tillegg gir løysinga ei oversikt over etterleving av openheitslova for dei selskapa som er omfatta av denne lova. Gjennom varsel frå StartBANK kan vi enkelt følgje opp dei selskapa som manglar dokumentasjon på etterleving av regelverk, og dette gjer vi fortløpande.
Risiko for brot på anstendige arbeidsvilkår?
Dersom det blir avdekt risiko for brot på anstendige arbeidsvilkår eller brot på menneskerettar generelt, vil selskapet prøve å stanse, førebyggje eller redusere negativ påverknad / skade og dessutan sørgje for eller samarbeide om gjenoppretting eller erstatning der det er påkravd.
Signert utgåve av denne utgreiinga finn du i årsrapporten for 2025.