• Start |
  • Om oss |
  • Utgreiing 2024

Utgreiing 2024

ØyVAR AS sitt arbeid med openheitslova i 2024 inkluderer blant anna oppfølging av overtid og oppfølging av HMS i avløpsanlegg for uderleverandørar.

ØyVAR AS fell inn under openheitslova og forankra 17. oktober 2022 arbeidet med aktsemdsvurderingar i styret. Rutine for handtering av krav om innsyn er også behandla i styret og er tilgjengeleg for alle tilsette i det interne kvalitetssystemet. På ØyVAR sine nettsider er dei etiske retningslinjene publiserte saman med informasjon om ØyVAR sitt arbeid med openheitslova og korleis ein kan kontakte selskapet dersom ein ønskjer innsyni arbeidet.

Aktsemdsvurdering blei gjennomført i 2022 og viste generelt låg risiko, sidan ingen av leverandørane held til i høgrisikoland. Bransjen med høgast risiko er bygg- og anleggsbransjen. Derfor har ØyVAR si leverandøroppfølging fokusert på bygg- og anleggsbransjen. Dette arbeidet starta i 2023, og vi har halde fram med oppfølginga og kartlegginga i 2024. Basert på lokalkunnskap og dialog med samarbeidspartnarane våre har vi oppdatert aktsemdsvurderinga med nye risikoar knytte til bruk av overtid og HMT ved arbeid i avløpsanlegga våre.

Oppfølging av bruk av overtid

Vi har følgt opp utvalde tenesteleverandørar og bede om dokumentasjon på bruk av overtid. Alle selskapa som blei plukka ut til denne undersøkinga, har levert dokumentasjon på akseptabel bruk av overtid, og denne risikoen er derfor lukka i denne omgang.

Oppfølging av HMT i avløpsanlegg

Arbeid i avløpsanlegg medfører ein del risikomoment som mange av samarbeidspartnarane våre ikkje er klar over. Vi har derfor laga ei rettleiing til alle som skal jobbe i våre avløpsanlegg, både for at informasjon om risikomoment skal vere lett tilgjengeleg for alle som skal gjere ein jobb for oss, og for at dei enkelte arbeidsgivarane lett skal sjå kva vi forventar av dei. Også i 2025 kjem vi til å følgje opp etterleving av HMT-krav knytte til bruk av gassmålar, andedragsvern og arbeidsklede.

Leverandøranalyse

Ettersom nye leverandørar blir tekne i bruk, blir desse fortløpande vurderte for krav om medlemskap i StartBANK. I StartBANK er det enkelt å følgje med på kredittvurdering og etterleving av HMT-regelverk. I tillegg gir løysinga ei oversikt over etterleving av openheitslova for dei selskapa som er omfatta av denne lova. Gjennom varsel frå StartBANK kan vi enkelt følgje opp dei selskapa som manglar dokumentasjon på etterleving av regelverk, og dette gjer vi fortløpande.

Risiko for brot på anstendige arbeidsvilkår?

Dersom du vil varsle om forhold som er relevante for ØyVAR sitt arbeid med openheitslova, kan du – som beskrive på oyvar.no – kontakte oss på openheitslova@oyvar.no.

Dersom det blir avdekt risiko for brot på anstendige arbeidsvilkår eller brot på menneskerettar generelt, vil selskapet prøve å stanse, førebyggje eller redusere negativ påverknad / skade og dessutan sørgje for eller samarbeide om gjenoppretting eller erstatning der det er påkravd.

 

Signert utgåve av denne utgreiinga finn du i årsrapporten for 2024.