Til våre gjenbruksstasjonar på Straume og Skogsvåg søker vi serviceinnstilte og ansvarlege driftsarbeidarar/kunderettleiarar. Vi ser etter deg som er oppteken av klima, gjenbruk og materialgjenvinning, og som ønskjer å arbeide i ein framtidsretta bransje der du bidreg til eit meir berekraftig lokalsamfunn. Du vil både bruke kroppen, hovudet og hjartet – og du må trivst med å jobbe utandørs i all slags ver.
Er du nysgjerrig og lærevillig, lærer du raskt arbeidsoppgåvene hos oss - vi gir god opplæring og sørgjer for at du blir trygg i rolla. Vi har ledige faste deltidsstillingar (10-40 %) samt behov for tilkallingsvikarar, og vi ser gjerne at dei som blir tilsett i deltidsstillingar også kan inngå avtalar om tilkallingsvikariat ved behov.
Arbeidsoppgåver
Møte kundar på ein imøtekommande, positiv og rettleiande måte
Gje fagleg rettleiing om sortering og levering av avfall
Sikre effektiv og trygg drift av gjenbruksstasjonen i tråd med gjeldande instruksar
Ta imot betaling
Klargjere stasjon og maskinar før og etter drift
Bidra til orden og reinhald på området
Vi ser etter deg som
Norskferdigheter minimum på nivå A2
Interesse for avfallssortering og gjenbruk
Serviceinnstilt og evne til å arbeide sjølvstendig
Det er ein fordel om du òg har
Ønskjelege kvalifikasjonar:
Erfaring frå kundebehandling eller serviceyrke
Erfaring med drift eller bruk av maskinar, teknisk utstyr og teknologi
Fleirspråklege ferdigheiter
Trucksertifikat (T1–T4) og/eller maskinførarbevis
Erfaring frå gjenvinningsbransjen eller liknande
Kompetanse i farleg avfallshandtering er ønskjeleg men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
møter folk med eit smil og finn løysningar
er ansvarleg, nysgjerrig og lærevillig
har gode kommunikasjonsevner
er praktisk anlagt og trivst med fysisk arbeid
trivst i ei sosialt og hektisk arbeidsmiljø og samarbeider godt med andre
har god ordenssans og held orden på arbeidsplassen
Vi tilbyr
Løn etter tariff
Eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
Moglegheit for fagleg utvikling
Gode pensjons- og forsikringsordningar
ØyVAR ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hos oss uansett alder, kjønn eller bakgrunn.