Nordmenn har dobla forbruket sitt sidan 1990. Samstundes kastar kvar av oss nesten eit halvt tonn avfall i året. Dette betyr at vi kjøper mykje meir enn vi eigentleg treng. Det betalar naturen dyrt for. Det viktigaste vi kan gjere for å redusere miljøbelastninga, er å lage mindre avfall. Mindre avfall betyr mindre ressursbruk og mindre forureining, både i produksjon og i avfallshandtering. Så før du kastar deg over tilboda på Black Friday, kan du lese våre handletips:

Spør deg sjølv: Treng eg dette?

Før du kjøper noko nytt, vurder om du faktisk treng det. Ofte kan vi bli freista av tilbod, men tenk først på om det er eit nødvendig kjøp.

Lån eller leig i staden for å kjøpe

Mange produkt, som verktøy eller spesielle klede, blir berre brukt eit par gonger. Då kan det vere betre å låne eller leige i staden for å kjøpe nytt.

Velg kvalitet

Kjøp produkt av god kvalitet som varer lenge og kan reparerast. Det reduserer behovet for å stadig kjøpe nytt og skaper mindre avfall.

Kjøp miljømerka og resirkulerte produkt

Sjå etter varer som er produsert på ein miljøvennleg måte og laga av materialar som kan gjenvinnast.

Reparer i staden for å kjøpe nytt

I staden for å kaste ting som har gått i sund og kjøpe nytt, sjekk om det kan reparerast. Mange gjenstandar kan få nytt liv med enkle reparasjonar.

Handle brukt

Søk etter brukte varer på nettet eller ta turen innom brukthallen på Midtstegen gjenbruksstasjon. Det er mykje å spare – både for miljøet og deg sjølv. Og her kan du også finne mange fine julegåver.

Gje ei annleis julegåve i år

Kanskje du skal gje gode opplevingar i julegåve i år? Å gjere noko hyggjeleg saman kan vere den beste gåva.

Tenk på miljøet

Hugs at kvart kjøp har ein påverknad på miljøet. Bevisste val er viktigare enn gode tilbod.

 

Brukthallen på Midtstegen er ope måndag til torsdag frå klokka 10.00 til 19.00, og på laurdag mellom 09.30 og 16.00. Og på Black Friday? Då har vi stengd.

Ta bevisste val under Black Week. Kanskje du finn det du treng gratis i brukthallen på Midtstegen gjenbruksstasjon?

Lagt inn: 21.11.2024