Ombruksbutikken vår er på om lag 200 m², fylt med brukbare skattar til ein rimeleg pris. Her finn du alt frå kjøkkenutstyr og interiør til småmøblar og hobbyutstyr.
Butikken blir driven i samarbeid med Trigger – noko som gjer tiltaket til ei viktig moglegheit for arbeidstrening. Hos oss får menneske verdifull arbeidserfaring, samtidig som varer får nytt liv.
Trigger ombruk har eige telefonnummer: 902 16 896
Trigger ombruk tar i mot:
Vi tek imot dei fleste gjenstandar som er i vanleg god bruksstand, så lenge dei:
- er heile og funksjonelle – ikkje øydelagde, manglar delar eller er defekte
- er reine og luktfrie – utan skitt, mugg, matrestar eller sterk lukt
- er trygge å bruke
- kan brukast utan reparasjon – vi har dessverre ikkje kapasitet til å reparere eller vaske varer
Sesongvarer som ski, akebrett, jule- og påskepynt og sommarleiker – desse tek vi imot heile året
Det er gratis å levere ting til ombruk.
Gjenstandane må vere i god stand og brukbare. Viss du er usikker på om noko kan leverast, ta kontakt med butikken.
Trigger ombruk tar ikkje i mot:
- Fyrverkeri (må leverast der det blei kjøpt)
- Farleg avfall (til dømes målingsrestar) - Leverast i mottak for farleg avfall på gjenbruksstasjonen
- Sikkerheitsutstyr som til dømes bilstolar og hjelmar -Sorterast som avfall på venleg måte
- PCar, mobiltelefonar, skrivarar og anna elektronikk med minne (kan innehalde personopplysningar) - Leverast som EE-avfall på gjenbruksstasjonen
- Mat og drikke
- Leksikon (Antikvariske leksikon kan vurderast)