Ombruksbutikken vår er på om lag 200 m², fylt med brukbare skattar til ein rimeleg pris. Her finn du alt frå kjøkkenutstyr og interiør til småmøblar og hobbyutstyr.
Butikken blir driven i samarbeid med Trigger – noko som gjer tiltaket til ei viktig moglegheit for arbeidstrening. Hos oss får menneske verdifull arbeidserfaring, samtidig som varer får nytt liv.
Vi tar imot heile, reine og funksjonelle varer som vi vurderer at andre kan ha nytte og glede av. At ein vare fortsatt kan brukast, betyr ikkje nødvendigvis at vi kan ta imot den. Vi må også ta hensyn til etterspørsel, lagerplass og kor mykje vi allereie har av tilsvarande varer.
Ombruksbutikken har eige telefonnummer: 902 16 896
Ombruksbutikken tar i mot:
Vi tek imot dei fleste gjenstandar som er i vanleg god bruksstand, så lenge dei:
- er heile og funksjonelle – ikkje øydelagde, manglar delar eller er defekte
- er reine og luktfrie – utan skitt, mugg, matrestar eller sterk lukt
- er trygge å bruke
- kan brukast utan reparasjon – vi har dessverre ikkje kapasitet til å reparere eller vaske varer
Sesongvarer som ski, akebrett, jule- og påskepynt og sommarleiker – desse tek vi imot heile året
Det er gratis å levere ting til ombruk.
Gjenstandane må vere i god stand og brukbare. Viss du er usikker på om noko kan leverast, ta kontakt med butikken.
Ombruksbutikken tar ikkje i mot:
- Fyrverkeri (må leverast der det blei kjøpt)
- Farleg avfall (til dømes målingsrestar) - Leverast i mottak for farleg avfall på gjenbruksstasjonen
- Sikkerheitsutstyr som til dømes bilstolar og hjelmar -Sorterast som avfall på venleg måte
- PCar, mobiltelefonar, skrivarar og anna elektronikk med minne (kan innehalde personopplysningar) - Leverast som EE-avfall på gjenbruksstasjonen
- Mat og drikke
- Leksikon (Antikvariske leksikon kan vurderast)

