• Start |
  • Gjenbruksstasjonar |
  • Midtstegen

Midtstegen Gjenbruksstasjon

Her er det god plass til både deg, tilhengaren din og avfallet ditt.

Opningtidene er frå og med 19. januar:

  • Måndag: 09:30-19:45
  • Tysdag: Stengt
  • Onsdag: 09:30-16:00
  • Torsdag: Stengt
  • Fredag: Stengt
  • Laurdag: 09:30-16:00
  • Sundag: Stengt

Identifisering med app eller kundekort

For å sleppe inn på gjenbruksstasjonen, må du laste ned ØyVAR-appen, logge inn med BankID og skanne QR-koden ved bommen. Alternativet for dei utan app er å få eit kundekort med brikke. Kundekortet kan du få på gjenbruksstasjonen. Les meir om ØyVAR-appen her.

Kvotesystem

Alle abonnentar har ei kvote på tre besøk på gjenbruksstasjonen i året, og ein må betale 3 kr per kilo restavfall og inerte masser ein har med seg. Inerte masser er til dømes stein, fliser, betong, takstein og leca. Alt det andre avfallet kostar det ikkje noko ekstra å levere.

Frå og med det fjerde besøket på gjenbruksstasjonen kostar det 200 kr om du kjem til fots eller med personbil, 350 kr for varebil og personbil med tilhengar og 800 kr for lastebil inntil 7,5 tonn.

Dersom du berre har med deg farleg avfall, EE-avfall eller brukbare gjenstandar til ombruksbutikken, går ikkje dette av kvota di.

Levering av hageavfall på Midtstegen gjenbruksstasjon er gratis og vil ikkje gje kvotetrekk. På Straume gjenbruksstasjon utløyser det derimot kvotetrekk eller inngangsgebyr dersom kvoten er brukt opp.

Sjå gebyrregulativet for fullstendig oversikt over prisane.

Kva type avfall tar vi ikkje i mot?

  • Slakteavfall kan ikkje leverast på gjenbruksstasjonane. Privatpersonar kan kaste slakteavfallet sitt i restavfallsdunken sin.
  • Har du eksplosivar eller ammunisjon du skal kvitte deg med, må du ta kontakt med politiet. ØyVAR har ikkje lov til å ta i mot den type avfall.