Vatn
Dersom vassmålaren din viser eit større forbruk enn du trur du har, kan det bety at du har ein lekkasje i huset ditt. Kanskje er det eit toalett som står og renn? I løpet av eit år kan sjølv små lekkasjar gi store utslag på vassforbruket. Sjekk for lekkasje på denne måten: Skru av alle kranar og sjekk at ikkje vaskemaskina eller oppvaskmaskina går. Dersom vassmålaren beveger seg, er det lekkasje.
Dersom du mistenker at vassmålaren i din bustad ikkje målar korrekt kan du utføre ein eigenkontroll av målaren.
Slik gjennomfører du eigenkontroll av vassmålaren din:
1. Bruk ei vanleg 10 liters bøtte. Denne må først kalibrerast før den kan nyttast til testen. Dette gjer du ved å fylle opp ein litar i eit litermål 10 gonger. Merk så av 10 liter på bøtta så nøyaktig som mogleg.
2. Pass på at du ikkje har på maskiner som nyttar vatn eller anna forbruk av vatn i huset mens du utfører testen. Når alt er stengt av må du sjekke vassmålaren. Dersom vassmålaren då står i ro og ikkje teller er det teikn til at det ikkje er forbruk eller lekkasjar internt i huset.
3. Les av visarane på vassmålaren som viser desiliter og liter og noter eventuelle posisjonar. Ta også bilete som dokumentasjon.
4. Fyll opp bøtta til det markerte 10-litersmerket frå eigna tappestad. Dette punktet bør vere nærmast mogleg hovudinntaket.
5. Les av visarane på målarane på ny og noter registrert forbruk. Ta nytt bilete.
6. Repeter deretter steg 4 og 5 to gonger, slik at du har 3 ulike målingar.
Dersom det registrerte forbruket er minst 5 % større (eller mindre) enn 10 liter, kan du be om enkel testing av vassmålaren. Du må då sende ein e-post til postboks@oyvar.no. ØyVAR vil då avtale eit tidspunkt for å komme heim til deg og teste målaren med godkjent måleutstyr frå Justervesenet.
Dersom du som abonnent krev ytterlegare nøyaktigheitskontroll av målar, vil det vere mogleg med ein utvida test. Det er då viktig å vere klar over at du som abonnent må bere kostnadene ved slik kontroll dersom kontrollresultatet ligg innanfor ± 5 %. I motsett fall dekker ØyVAR kostnadene.
Ved utvida testing må abonnenten sjølv kontakte eit godkjent kalibreringsforetak. Dersom vassmålar skal sendast inn til eit kalibreringsforetak, må ein kontakte eit røyrleggerfirma for demontering av vassmålar. Det må då settast inn ein mellombels vassmålar, elles vil ØyVAR stipulere vassforbruket etter storleiken på bustaden i den perioden målaren er demontert. Dersom vassmålaren er eldre enn 8 år eller at abonnenten ikkje stolar på at demontert vassmålaren vil måle riktig for framtida, vil vi anbefale å skifta målaren ut permanent. Demontering og montering av vassmålarar skal utførast av røyrleggar og meldast inn til ØyVAR. Alle kostnader røyrleggararbeidet medfører må dekkast av abonnenten.
Dei fleste meldingar ØyVAR sender ut med kokevarsel er så kalla “føre var” kokevarsel der vi ikkje har påvist at det er farlege mikroorganismar i vatnet. Du kan lese meir om kokevarsel her.
Dersom du har drukke eit glas vatn etter at du har mottatt kokevarsel, kjenn etter på korleis du kjenner deg. Mest sannsynleg er det ingen fare, men kontakt legevakten dersom du får oppkast eller diare.
Avløp
Renovasjon
Du betaler eit grunngebyr for renovasjon, som inkluderer at vi kjem heim til deg og hentar matavfall, papp/papir, plastemballasje og glas- og metallemballasje. Utover dette betaler husstanden berre for dei kiloa med restavfall som er i spannet når det blir henta. Restavfallet blir vegd på renovasjonsbilen, og gebyret du betaler blir rekna ut frå denne vekta. Andre avfallstypar som blir sorterte rett, er gratis å levere. Det betyr at det blir billegare dess meir du kjeldesorterer og dess mindre restavfall du kastar.
Grunngebyret inkluderer òg tre gratis besøk på gjenbruksstasjonen. Der kan du levere alle avfallstypar vi har løysing for utan å betale, bortsett frå restavfall og steinmassar/deponivare. For restavfall og steinmassar/deponivare, til dømes betong, takstein og leca, betaler du for kvar kilo du leverer. Etter det tredje besøket må du betale ei avgift for å køyre inn på gjenbruksstasjonen uavhengig av kva du skal kaste.
Alle renovasjonsbilane er utstyrte med vekter som veg kvart spann ved tømming. Bilen veg spannet både før og etter tømming, og differansen visar kor mange kilo restavfall som er henta.
Vekta blir registrert med ei nøyaktigheit på 1 kilo og avrunda til næraste partal. Er det under 1 kg i spannet, blir det registrert 0 kg. Er det over 1 kg, blir vekta runda av til 2 kg.
Veginga er den same uavhengig av spannstorleik.
Renovasjonsgebyret består av eit grunngebyr og eit gebyr per kilo tømt restavfall. Grunngebyret er ein fast sats per bueining. Det vil seie at dersom det er to bueiningar i bustaden, må ein betale grunngebyr x 2.
Gebyr for tal tømde kilo fakturerer vi etterskotsvis. Dei kiloa som blir tømde i januar, vil til dømes stå på neste terminfaktura i februar.
Du betaler for restavfall og steinmassar/deponivare (til dømes betong, takstein og leca) per kilo.
Etter det tredje besøket på gjenbruksstasjonen blir det òg lagt til eit inngangsgebyr per besøk. Dei tre første besøka er inkluderte i grunngebyret.
Restavfall er det som står att etter at du har sortert ut alt som kan gjenvinnast. Det kan til dømes vere:
- Tilgrisa produkt og emballasje
- Bleier og sanitetsprodukt
- Madrassar, tepper og dyner
- Møbler som ikkje er av metall
- Samansette produkt av fleire materialtypar - spør ein tilsett om du er usikker.
- Støvsugarposar, aske og anna oppsop
- Våt papp
- Knust glas som ikkje er glasemballasje
- OSB-plater
Deponivare er avfall som ikkje kan material- eller energigjenvinnast. Dette blir derfor gravd ned på deponi. Døme på deponivare er:
- Keramikk, middagsservice og porselen
- Toalett, vaskar og badekar
Steinmassar forsøker vi i størst mogleg grad å materialgjenvinne. Ordningane ikring dette er framleis nye og kostnadsdrivande, men stadig betre jordvaskeanlegg gjer dette mogleg å nytta til nye byggematerial. Døme på steinmassar er:
- Stein, betong, murstein, takstein og leca
Sorter godt i bil og hengjar før du kjem til gjenbruksstasjonen. Prøv å samle like avfallstypar – då går det raskare å kaste.
Bruk ØyVAR-appen: Last ned appen før besøket. Her finn du rettleiing: ØyVAR-appen.
Alternativ til appen: Om du ikkje ønsker å bruke appen, eller synest det er vanskeleg, kan du få eit kundekort med brikke på gjenbruksstasjonen ved å vise legitimasjon.
- Sørg for at tekstil du leverer er reine og tørre. Då kan dei leverast til ombruk og materialgjenvinning.
- Kast hardplast i ein container for dette på gjenbruksstasjonen. Då reduserer du restavfallet og sørgjer for at materialet går til gjenvinning.
- Unngå eingongsprodukt og kjøp kvalitet som varer lenge.
- Reparer og gjenbruk ting i staden for å kaste.
- Gi bort eller sel gjenstandar på f.eks digitale marknadsplassar i staden for å kaste dei på gjenbruksstasjonen. Gode døme er Finn.no og marketplace på Facebook.
- Lever inn gjenstandar som er i god stand til gjenbruksbutikken på Straume gjenbruksstasjon eller til andre stader der dei tek i mot brukte varer.
Vi anbefaler at du bruker sorteringsguiden på nettsida vår, som du finn her.
Du er òg velkommen til å spørje tilsette på stasjonen. Vi hjelper deg gjerne!
Vi anbefaler at du leverer hageavfall på Midtstegen. Der er det god plass, og levering er gratis. Besøk her utløyser verken kvotetrekk eller gebyr. Merk at området er overvaka, og feil levering kan gi ekstrakostnader i tillegg til gebyr etter renovasjonsforskrifta § 4-4.
Du kan òg levere hageavfall på Straume, men då utløyser levering kvotetrekk. Dersom kvotene dine er brukt opp, blir det lagt til eit inngangsgebyr.
Vi har lagt opningstidene slik at dei samsvarar betre med når folk faktisk besøker stasjonane. Målet er å gi eit godt og tilgjengeleg tilbod kvar dag, samtidig som vi held gebyra så låge som mogleg.
Straume gjenbruksstasjon:
· Måndag, tysdag og torsdag: 13:00–19:45
· Fredag: 09:30–16:00
· Laurdag: 09:30–16:00
· Stengt onsdag og sundag
Midtstegen gjenbruksstasjon:
· Måndag, onsdag og laurdag: 09:30–16:00
Det er tilbod kvar dag – stasjonane utfyller kvarandre. Vi håpar at desse tidene gir god fleksibilitet for dei fleste, samtidig som vi unngår unødvendige kostnader som ville gitt høgare renovasjonsgebyr.
Ombruksbutikken blir driven av tiltaksbedrifta Trigger, som tilbyr tilrettelagt arbeid, arbeidsførebuande trening og arbeidspraksis for elevar. Det betyr at butikken skal gi arbeid til menneske som treng tilrettelegging eller hjelp ut i eller tilbake til arbeidslivet. Inntektene frå butikken skal dekkje løn til dei tilsette, sikre drifta og bidra til å vidareutvikle tilbodet til Trigger. Målet er ikkje profitt. Alt dei tener, går tilbake til tiltaksverksemda.
Ved å levere til og handle i ombruksbutikken er du med på å sikre viktige arbeidsplassar for nokon som treng det. Vi i ØyVAR håpar at ei god butikkoppleving, der gjenbruksting til sals blir godt presenterte, også kan stimulere til større medvit rundt bruk og kast enn i ei gratisbod, og til å velje brukt framfor nytt.
Faktura
- eFaktura - er ein elektronisk faktura som blir sendt til den som er registrert som mottakar av faktura. eFakturatjenesten blir tilbode i nettbank eller mobil betalingsapp som Vipps eller mobilbank, også kalla betalingsflate. For å motta eFaktura må du velge «ja takk til alle» i betalingsflata. Du må logge inn og godkjenne betalinga i betalingsflata for at den skal trekkast på riktig dato. Du kan kombinere eFaktura med AvtaleGiro slik at fakturaen blir sendt digitalt og trekt automatisk på forfallsdato.
- AvtaleGiro - er ei elektronisk løysing der fakturert beløp automatisk blir trekt frå kontoen du har vald på forfallsdato. Du bør i tillegg opprette eFaktura slik at du får sett fakturaen du skal betale direkte i nettbanken. AvtaleGiro kan du opprette i nettbanken din.
- Vipps - Dersom du har Vipps kan du motta elektronisk faktura også her. Betalinga må godkjennast i appen. Ved oppretting av betaling i Vipps må du aktivt velge om du vil motta framtidige fakturaer i appen. Vipps har sitt eige kundesenter.
- E-postfaktura - Vi har moglegheit til å sende faktura direkte til e-postadressa di. Det forutset at du ikkje har avtale om eFaktura, Vipps eller EHF.
- EHF - er ein elektronisk faktura for bedrifter. For å kunne ta i mot faktura i EHF-format bør bedrifta vere registrert i ELMA-registeret
Det er to måtar å opprette ein avtale for AvtaleGiro:
- Ved å godkjenne avtale om AvtaleGiro når du betaler fakturaen i nettbanken.
- Ved at du kontaktar banken din, og oppgjer KID-nummeret som du finn på fakturaen.
Merk at KID-nummeret er knytt til kundenamnet på fakturaen, og ikkje eigedommen fakturaen gjeld.
Dersom du har både eFaktura og AvtaleGiro blir beløpet trekt direkte frå konto. Du vil også kunne sjå faktura i nettbanken.
Dersom nokon andre betaler for deg med Avtalegiro, vil eFaktura i kombinasjon med Avtalegiro berre bli vist til andre enn deg sjølv dersom du har gitt fullmakt til dette etter 1. desember 2021.
Du vil likevel kunne motta ein eFaktura, men det vil ikkje vere mogleg for deg å godkjenne denne for betalinga fordi Avtalegiro vil automatisk bli gjennomført i samsvar med inngått avtale med banken din.
Det kan skuldast at du ikkje hadde trykka “ja takk til alle” i det faktura blei sendt. Etter mai 2022 er det ikkje lenger mogleg å motta eFaktura-krav via dei gamle eFaktura-avtalene som du etablerte enkeltvis og direkte mot bedriftar.
Dersom du har samtykka til «Ja takk til alle» i god tid før faktura blei sendt, kan det skuldast at vi som sender ut eFaktura ikkje fann deg i eFakturatenesta. For at vi skal finne deg som eFakturamottakar må nettbanken din ha korrekte adresseopplysningar, telefonnummer og e-postadresse. Det kan vere lurt å sjekke om opplysningane i nettbanken din er oppdaterte.
Alle fakturaer frå ØyVAR skal som hovudregel bli betalt i sin heilskap innan oppgitt frist. Dersom du av ulike årsaker likevel ønsker å søke om betalingsutsetting, kan du søke om utsetting i inntil 2 veker.
Send oss ein førespurnad på e-post: postboks@oyvar.no
Dei kommunale gebyra er ikkje knytta til person, men til eigedom. Fakturadato styrer kva for eigar vi skal sende faktura til. Den som var tinglyst eigar på tidspunktet vi sendte ut fakturaen, er riktig mottakar. Var du ikkje tinglyst eigar på fakturatidspunktet, kontakt oss på e-post postboks@oyvar.no.
Fordi gebyr er knytt til legalpant vil ubetalte kommunale gebyr følge eigedommen og blir overtatt av ny heimelshavar. Eigarskifteoppgjer er ein sak mellom gamal og ny eigar. Er det nytta meklar eller advokat, vil dei kunne hjelpe. Normalt vil oppgjer og fordeling av kommunale gebyr ordnast mellom kjøpar og seljar i høve til eigartid. Skal du kjøpe eller selje bustad med vassmålar, må du passe på at vassmålerstanden blir nedtegna i overtakingsprotokollen.
Sms varsling
Mest sannsynleg gjeld ikkje varslinga din eiegdom, men sjekk gjerne at kontaktinformasjonen som er registrert på deg er riktig her: https://www.norge.no/nb/digital-borger/oppdater-kontaktinformasjon
eller legg kontaktinformasjonen i tilleggsregisteret dersom du ønsker varsling for ei adresse du ikkje er registrert med bustadadresse på.
Om alt dette stemmer og du likevel opplever problem med vassforsyninga utan å ha fått varsel, er det verdifullt for oss om du melder problema inn til oss enten på vakttelefonen eller til sentralbordet.
På varslemeg.no kan du legge inn tilleggsadresser som du ønsker varsel for. Dette kan gjelde barn i studentbustad, dine foreldre sin bustad eller ein fritidseigedom. Slik gjer du:
- Under “Tilleggsoppføring” klikker du “Legg til ditt telefonnummer”.
- Skriv inn ditt mobilnummer og klikk “Send”.
- Du mottar ein kode på sms, som du bruker for logge deg inn.
- Her kan du legge til andre adresser du vil bli varsla for. Navn = den som bur på adressen du registrerer.
På varslemeg.no kan du sjekke andre varslingsadresser som er oppført på ditt mobilnummer, utover din offisielle bustadsadresse som du er registret med i kontaktregister for offentlig forvalting. Slik gjer du:
- Under “Tilleggsoppføring” klikker du “Legg til ditt telefonnummer”.
- Skriv inn ditt mobilnummer og klikk “Send”.
- Du mottar ein kode på sms, som du brukar for logge deg inn. Her ser du lista over adresser registrert på ditt mobilnummer.
- Her kan du også slette adresser eller legge til fleire.