Vi sorterer stadig betre i Øygarden
Innbyggjarane i Øygarden har blitt flinkare til å sortere avfallet sitt. Særleg for matavfall er resultata svært gode. Prognosen for 2026 viser at 76 prosent av matavfallet blir sortert ut, allereie meir enn kravet som gjeld frå 2035.
Etter innføringa av betaling per kilo restavfall har meir av avfallet blitt sortert der det høyrer heime. Takk til alle som sorterer heime. Innsatsen gir resultat!

Framleis mykje å hente i restavfallet
Sjølv om vi sorterer betre enn før, viser analysar av innhaldet i restavfallsspannet at vi framleis har mykje å hente. Berre 39 prosent av innhaldet er faktisk restavfall.
15 prosent er papir og papp, 14 prosent er matavfall og 4 prosent er glas og metall. I tillegg er 28 prosent kategorisert som anna avfall.
Det betyr at ein betydeleg del av det som hamnar i restavfallsspannet, framleis kunne vore sortert ut. Her ligg det med andre ord eit stort potensial for å sortere endå betre.
Matavfall: eit resultat å vere stolte av
Den største framgangen ser vi på matavfall. I 2022 blei 52 prosent av matavfallet sortert ut. Prognosen for 2026 er 76 prosent. Det betyr at vi allereie ligg over kravet på 60 prosent i 2030 og 70 prosent i 2035.
Samtidig har mengda restavfall gått ned. Utviklinga viser ein tydeleg samanheng mellom betaling per kilo restavfall og betre utsortering av matavfall. Når meir matavfall hamnar i matavfallsspannet i staden for i restavfallet, får vi både mindre restavfall og betre utnytting av ressursane. Det er bra jobba, Øygarden!
Også meir papp og papir blir sortert ut
For papp og papir blei 65 prosent sortert ut i 2022. Prognosen for 2026 er 76–80 prosent.
Frå 2028 skal minst 80 prosent sorterast ut, og i 2035 aukar kravet til 85 prosent. Vi nærmar oss altså det første kravet, men det er framleis meir papp og papir som kan sorterast ut av restavfallet.
Plast: positiv utvikling, men meir å hente
Utsorteringa av plast har auka frå 22 prosent i 2022 til ein prognose på 37 prosent i 2026.
Utviklinga går i riktig retning, men her har vi framleis ein veg å gå. Frå 2028 skal 50 prosent sorterast ut, i 2030 er kravet 60 prosent og i 2035 70 prosent.
Glas og metall: enklare å sortere heime
For glas- og metallemballasje er kravet 85 prosent frå 2028 og 90 prosent frå 2035.
Vi har enno ikkje prognosetal for 2026 for denne fraksjonen. Det første prognosegrunnlaget vil vere tilgjengeleg i 2027. Med eigne spann for glas- og metallemballasje hos hushaldningane har det blitt enklare å sortere denne emballasjen heime.
Betre sortering gir mindre restavfall
Når meir matavfall, papir, papp, plast, glas og metall blir sortert ut, blir det mindre igjen i restavfallsspannet. Det gir meir avfall til materialgjenvinning og annan ressursutnytting, og mindre restavfall som må sendast til forbrenning.
Det bidreg også til lågare kostnader til behandling og CO₂-avgift. ØyVAR driv etter sjølvkostprinsippet og skal ikkje tene pengar på renovasjon. Når vi sorterer betre, bidreg vi derfor også til å halde kostnadene nede.
I 2025 var materialgjenvinningsgraden om lag 55 prosent. Prognosen for 2026 er om lag 67 prosent.
Takk for innsatsen. Kvar gong noko hamnar i riktig spann, tel det!











