• Start |
  • Siste nytt |
  • Vellukka Rong-prosjekt …

Vellukka Rong-prosjekt viser veg for framtidas avfallsløysing

Pilotprosjektet med ny gebyrmodell på Rong har gitt overraskande gode resultat. Innbyggarane sorterer langt meir matavfall – og kastar mindre restavfall.

Publisert: 10.06.2025

Då ØyVAR starta prøveprosjektet med ny gebyrmodell på Rong, var målet å teste om økonomisk motivasjon kunne få fleire til å sortere betre. No er tala klare – og dei viser ei positiv utvikling. Frå januar til oktober i 2024 har hushalda på Rongøyna levert inn heile 45 prosent meir matavfall enn i same periode året før. Samtidig har mengda restavfall gått ned med over 4 500 kilo.

– Det er veldig gledeleg å sjå korleis innbyggarane på Rong har tatt tak i kjeldesorteringa. Desse resultata viser at det verkeleg gjer ein forskjell når folk får moglegheit til å påverke både miljøet og renovasjonsrekninga si, seier administrerande direktør i ØyVAR, Bjarne Ulvestad.

Betaler for det du kastar

Modellen som er testa ut, går ut på at alle betaler eit grunngebyr og så betaler kvar husstand berre for den mengda restavfall dei faktisk kastar. Alt anna avfall, som mat, plast, papir, glas- og metallemballasje, kan leverast utan ekstra kostnad. Restavfallet blir vege på renovasjonsbilen, slik at mengda blir registrert nøyaktig.

– Ved å gjere det lettare og rimelegare å sortere, legg vi til rette for at folk skal kunne ta gode val i kvardagen. Det ser vi at dei gjer, seier Ulvestad.

Meir matavfall – mindre restavfall

Tala for dei ti første månadene av 2024 viser følgande utvikling på Rong:

  • Matavfall har auka frå 27 117 kg i 2023 til 39 274 kg i 2024.
  • Restavfall har gått ned frå 85 021 kg til 80 449 kg.
  • Totalt avfall har auka noko, frå 134 996 kg til 140 728 kg.
  • Papp og papir har hatt ein liten nedgang, frå 22 828 til 21 005 kg.

– Auken i matavfall betyr at mykje av det som før gjekk i restavfallet, no blir sortert rett. Det viser ei endring i vanar – og det er akkurat det vi håpa å få til med denne modellen, seier Ulvestad.

Vil inspirere heile Øygarden

Pilotprosjektet på Rong er det første i sitt slag i Øygarden, og eitt av dei første i landet. ØyVAR har følgt utviklinga tett sidan starten i januar 2024.

– Vi såg tidleg ei auke i matavfall, og trenden har halde fram. Vi ser at folk er interesserte i å bidra – og at det nyttar å premiere godt sorteringsarbeid, seier fagsjef for renovasjon i ØyVAR, Espen Elstad.

Noreg har eit nasjonalt mål om å halvere restavfallet innan 2030. For å få det til, må både innbyggarar og renovasjonsselskap tenkje nytt. No er målet å rulle ut liknande ordning i resten av kommunen på sikt.

– Vi håpar å kunne tilby denne modellen til alle i Øygarden, men det må skje i takt med at resultata held seg positive. Rong viser veg – og vi ser lyst på fortsettinga, seier Ulvestad.