Oppdatering 10.07.2025: Kokevarsel er oppheva. Innleverte vassprøver er fine, og vatnet kan nyttast som normalt.
08.07.202Vi rår abonnentar på Blomøy, Rongøy og Toftøy å koke vatnet fram til svar på vassprøvene viser at vatnet er trygt å drikke. Grunnen til kokevarselet er vassleidningsbrot og fare for innsug av forureiningar som følge av trykklaust nett.
Du kan lese meir om anbefalingar om retningslinjer ved kokevarsel her.
Alle husstandane kokevarselet gjeld for skal ha fått SMS med informasjon. Har du ikkje fått SMS gjeld det mest sannsynleg ikkje din eigedom sidan varslingssystemet hentar informasjon frå folkeregisteret. Les meir om varslingstenesta her.
Vasstrykket er stabilisert etter brotet, men dei bustadene som ligg høgast, vil ha dårleg trykk. Vi er i gang med å etablere leidningar forbi vassleidningsbrotet ved Dale bru. Dette er truleg på plass i løpet av kvelden.
Det er no etablert tappepunkt for drikkevatn ved den gamle brannstasjonen på Tjeldstø og ved Toftedalen. Der kan dei som treng det hente drikkevatn.