• Start |
  • Siste nytt |
  • Vanlege opningstider …

Vanlege opningstider heile sommaren

Vi held hjula i gang som vanleg gjennom heile sommaren. Medan du nyt late feriedagar med god mat og drikke, passar vi på å tømme bosspannet, halde opningstidene på gjenbruksstasjonen og sikre reint vatn i springen.

Uansett om du reiser bort eller blir heime i sommar, kan du stole på at renovatørane tømmar bosset. Dei køyrer som vanleg heile sommaren og kjem på tømmedagane. Last ned den nye appen ØyVAR – der finn du oversikt over tømmedagane der du bur.

Midtstegen og Tjeldstø held ope

Planlegg du sommaropprydding, luking i hagen eller ein tur med avfall som ikkje skal i bosspannet? Då er det godt å vite at både Midtstegen gjenbruksstasjon og miljøstasjonen på Tjeldstø har vanlege opningstider heile sommaren. Du finn opningstidene her.

Gjenbruk – også i ferien

Treng du lesestoff, ein stol til sommarhytta eller eit nytt puslespel til regnvêrsdagane?

Gjenbrukshallen på Midtstegen er open og full av skattar – også i ferien.

Vi sikrar reint vatn og reinsar avløp

Vi firar ikkje på kvaliteten sjølv om det er sommar og ferietid. Reint drikkevatn må vi ha uansett – og reinsinga av avløpet kan heller ikkje vente til ferien er over.

God sommar frå oss i ØyVAR!

Vi har folk på jobb heile sommaren.