ØyVAR fekk nasjonal anerkjenning for berekraftige løysingar
ØyVAR fekk andreplass i Anskaffelsesprisen 2025. …
Vi held hjula i gang som vanleg gjennom heile sommaren. Medan du nyt late feriedagar med god mat og drikke, passar vi på å tømme bosspannet, halde opningstidene på gjenbruksstasjonen og sikre reint vatn i springen.
Uansett om du reiser bort eller blir heime i sommar, kan du stole på at renovatørane tømmar bosset. Dei køyrer som vanleg heile sommaren og kjem på tømmedagane. Last ned den nye appen ØyVAR – der finn du oversikt over tømmedagane der du bur.
Planlegg du sommaropprydding, luking i hagen eller ein tur med avfall som ikkje skal i bosspannet? Då er det godt å vite at både Midtstegen gjenbruksstasjon og miljøstasjonen på Tjeldstø har vanlege opningstider heile sommaren. Du finn opningstidene her.
Treng du lesestoff, ein stol til sommarhytta eller eit nytt puslespel til regnvêrsdagane?
Gjenbrukshallen på Midtstegen er open og full av skattar – også i ferien.
Vi firar ikkje på kvaliteten sjølv om det er sommar og ferietid. Reint drikkevatn må vi ha uansett – og reinsinga av avløpet kan heller ikkje vente til ferien er over.
God sommar frå oss i ØyVAR!