ØyVAR fekk nasjonal anerkjenning for berekraftige løysingar
ØyVAR fekk andreplass i Anskaffelsesprisen 2025. …
Berre 47 prosent av norske hushaldningar har drikkevatn i eit beredskapslager heime. Det betyr at mange familiar står utan eitt av dei viktigaste tiltaka dersom straumen eller vassforsyninga skulle forsvinne.
Denne veka markerer vi Eigenberedskapsveka 2025. Over halvparten av befolkninga, 54 prosent, seier at dei er lite eller ikkje godt førebudde på å klare seg sjølve i heimen i ei veke dersom straum, vatn eller kommunikasjon blir borte. Det viser ei undersøking frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).
I 2024 vart råda for eigenberedskap oppdaterte. Tidlegare var rådet å ha beredskap for tre dagar, no skal vi kunne klare oss i ei heil veke. Det handlar om å vere førebudd på alt frå ekstremvêr og straumbrot til digitale angrep, pandemi, sabotasje og i verste fall krig.
56 prosent av dei spurde i undersøkinga svarar at dei har tenkt gjennom kva dei vil gjere ved bortfall av straum, 22 prosent har jodtablettar heime og 32 prosent har styrkt eigenberedskapen det siste året. Talet på kor mange som har lagra drikkevatn heime, 47 prosent, har vore det same sidan 2023, viser undersøkinga frå januar i år.
Kvar person bør ha minst 20 liter drikkevatn tilgjengeleg. Du treng ikkje kjøpe vatnet. Springvatn i reingjorde behaldarar er godt nok.
Eigenberedskap handlar ikkje berre om kva du har sjølv, men òg om å hjelpe kvarandre. Mange er villige til å dele lager og ressursar. Heile 75 prosent seier dei gjerne vil dele med nære relasjonar. Ein «beredskapsvenn» kan vere ein nabo, slektning eller ven du avtalar med om å støtte kvarandre dersom ei krise oppstår.
DSB tilrår at du har følgjande i husstanden: