• Start |
  • Siste nytt |
  • Tester ny energieffektiv …

Tester ny energieffektiv reinseteknologi

ØyVAR har testa ut ein ny type biologisk reinsing av avløpsvatn på Storanipa reinseanlegg. Målet er å finne ei løysing som brukar mindre energi, er kostnadseffektiv og krev mindre bruk av kjemikaliar enn tradisjonelle metodar.

Publisert: 12.11.2025

Nye EU-reglar for avløpsreinsing stiller strengare krav til kor reint vatnet skal vere når det sleppast ut. I dag har ØyVAR primærreinsing, ei mekanisk reinsing som fjernar partiklar frå vatnet. Når dei nye krava kjem, må anlegga ha sekundærreinsing, som òg fjernar organiske stoff gjennom biologisk eller kjemisk reinsing.

– Vi veit at desse krava kjem, og difor må vi vere førebudde. Vi må uansett oppgradere reinsinga og har prøvd ut ei løysing som vi håpar kan vere smartare og meir energieffektiv enn det som er vanleg i Noreg, seier sivilingeniør i kjemi i ØyVAR, Kristine Olsen Strandheim.

Planla for framtida

Då Storanipa reinseanlegg blei bygd i 2019, tok ØyVAR høgde for framtidige krav og befolkningsvekst, men venta med å byggje sekundærreinsing. Anlegget blei i staden dimensjonert for å kunne byggjast ut med eit nytt reinsetrinn når selskapet hadde samla nok kunnskap frå det første reinsetrinnet.

– Det er mange som har bygd for små anlegg, som no får problem med reinsekrava og må byggje heilt om. Det slepp vi, som no har tal frå dagens drift og eit anlegg laga for å ha plass til eit stort sekundæranlegg. Det har vist seg å vere ein god investering, seier Strandheim.

Biologisk reinsing med lågare energibruk

I arbeidet med å velje rett løysing har ØyVAR testa biologisk reinsing i fleire månader. Her er det bakteriar som bryt ned det organiske materialet i vatnet. Teknologien CFIC (Continuous Flow Intermittent Cleaning) er utvikla av det norske selskapet Biowater Technology.

På dei små bioberarane veks bakteriar som «et opp» det organiske innhaldet i avløpsvatnet.

I CFIC-løysinga ligg små, såkalla bioberarar i vatnet. På dei veks bakteriar som «et opp» forureininga. Annankvar veke går bioberarane gjennom ein vaskeprosess, som som frigir partiklar. Desse blir fjerna gjennom sedimentering, der partiklane søkk til botnen. Slammet blir deretter sendt til avvatning og ender opp som kompost, medan klarvatnet blir sleppt ut.

– Fordelen med denne løysinga er at prosessen krev langt mindre lufting og rørsle enn andre biologiske system. Dermed brukar vi mindre energi, som gir lågare driftskostnader, forklarar Strandheim.

Annankvar veke blir bioberarane reinsa med luft, slik at partiklane losnar og søkk til botnen i sedimenteringstanken. Slammet ender opp som kompost, medan klarvatnet blir sleppt ut.

Framleis behov for kjemikaliar

Biologisk reinsing kan i prinsippet gjerast utan kjemikaliar, noko som er betre for miljøet. Forsøka på Storanipa viser at behovet blir redusert, men ikkje heilt borte. Årsaka er antakeleg at Øygarden har relativt spreidd busetnad og lange overføringsleidningar, som gjer at nedbrytinga startar allereie undervegs i leidningane.

– Vi blir målte på kor stor reduksjon av organisk stoff som skjer frå vatnet kjem inn til det blir sleppt ut. Når ein del av stoffa allereie er brotne ned før vatnet kjem til anlegget, blir ikkje reduksjonen stor nok til å møte krava. Vi hadde håpa å sleppe, men ser at vi må bruke noko polymer, som er eit kjemisk bindemiddel som bidreg til å samle partiklane, forklarar Strandheim.

Lovande resultat

Dei første resultata frå piloten viser god reinsing av vatnet.

– Resultata er lovande, seier Strandheim, men understrekar at dei ikkje har konkludert med kva løysing ØyVAR vel.

– No skal vi sjå på sluttrapporten, samanlikne med andre løysingar og sjå kor mykje vi greier å redusere energiforbruket. Vi skal òg finne ut kor store reaktorar vi må byggje, og korleis drifts- og investeringskostnadene fordeler seg før vi utformar anbodet og oppgraderer anlegget, seier Strandheim.

Piloten ØyVAR har testa ut, har gitt lovande resultat. Denne sekundærreinsemetoden reinsar avløpsvatnet biologisk og med lågare energiforbruk enn andre metodar.