Når snøen kjem, er det viktig at vegen fram til spannet er måka og strødd. Hugs også at renovasjonsbilen er stor og treng god plass. Sørg derfor for at parkerte bilar eller andre hindringar ikkje står i vegen, og at eventuell snuplass er måka og strødd.
Hugs dette før tømmedagen:
- Måk snø rundt spannet og fjern snø frå lokket. Pass på at lokket ikkje frys fast.
- Sørg for at vegen fram til spannet er måka og strødd.
- Hald snuplassar og tilkomst fri for parkerte bilar og andre hindringar.
- Sjekk at matavfallet ikkje har frose fast i spannet.
Matavfall inneheld mykje fukt og kan lett fryse fast når temperaturen går ned. Eit enkelt tips er å legge litt avispapir eller eggekartong i botnen av matavfallsspannet. Det absorberer fukt og kan hindre at avfallet frys fast. Du kan også knyte matavfallsposen godt igjen og legge han med knuten opp, slik at minst mogleg væske renn ut i spannet.
Er matavfallet svært vått, kan du la posen tørke eller fryse ute før du legg han i spannet. Set gjerne ei bøtte over medan han står ute, slik at fuglar og dyr ikkje kjem til.
Takk for at du hjelper renovatøren med å kome trygt fram og få tømt spannet ditt i vinter!











