• Start |
  • Siste nytt |
  • Slik kastar du gamle …

Slik kastar du gamle vindauge

Skal du skifte ut vindauge i sommar? Alderen på vindauga avgjer kva for kjemikaliar dei kan innehalde – og kvar dei skal kastast. Richard på Midtstegen gjenbruksstasjon forklarar.

Publisert: 14.07.2025

Er vindauga eldre enn 1990, inneheld dei truleg miljøfarlege stoff og skal difor ikkje kastast saman med vanleg restavfall. Stasjonsleiar på Midtstegen gjenbruksstasjon, Richard Saure, forklarar korleis du skal sortere dei gamle vindauga:

Vindauge eldre enn 1975:

Desse inneheld PCB, eit miljøskadeleg stoff som no er forbode. Vindauge med PCB skal plasserast på eige stativ for PCB-haldige vindauge på gjenbruksstasjonen.

Vindauge frå 1975 til 1990:

I denne perioden blei det brukt klorparafinar, som òg er skadelege for miljøet. Desse vindauga skal leverast på ein annan eigen plass på stasjonen – ikkje saman med anna restavfall.

Vindauge frå etter 1990:

Vindauge frå 1990 og nyare kan du per i dag levere som restavfall, dersom dei ikkje har spor av farlege stoff.

Hugs dette før du leverer:

  • Sjekk produksjonsåret i vindauga før du kjem til gjenbruksstasjonen. Det finn du som regel i listen mellom glasa på vindauget.
  • Lever alltid heile vindauge – ikkje del dei opp i glas og karm.
  • Spør beteninga på gjenbruksstasjonen om du er i tvil.
  • Videotekst: