
459 brannhendingar på gjenvinningsanlegg – feilsorterte batteri hovudårsaka
Visste du at feil handtering av brukte batteri kan …
Pussar du opp eit eldre hus og har funne noko du mistenkjer kan vere asbest? Då er det viktig at du handterer og leverer det til gjenbruksstasjonen på ein trygg måte.
Asbest vart mykje brukt i bygningar, til dømes i eternittplater på tak og veggar eller i golvbelegg, fram til det blei forbode i 1980. Materialet er sterkt, branntrygt og slitesterkt, men også helseskadeleg. Når asbest brest eller blir broten opp, kan det frigjerast små fiber som du ikkje ser. Desse fibera kan vere svært skadelege å puste inn.
Det er difor viktig at du handterer asbest på ein forsvarleg måte, også når du skal levere det på gjenbruksstasjonen. Stasjonsleiar Richard Saure ved Midtstegen gjenbruksstasjon forklarar deg i videoen korleis du gjer det.
Dersom asbesten ikkje er forsvarleg pakka inn, kan vi ikkje ta imot han. Då må du ta han med heim igjen og pakke på nytt.
Her kan du lese meir om pakking av asbest.
Det er gratis å levere asbest opp til eitt tonn. Har du meir, må du betale eit gebyr.
Er du i tvil om materialet inneheld asbest? Handsam det som om det er asbest, og ta kontakt med fagfolk dersom du treng hjelp.
Med rett pakking og trygg levering tek du vare på både deg sjølv, renovatørane våre og miljøet.