• Start |
  • Siste nytt |
  • Slik blir nye Straume …

Slik blir nye Straume gjenbruksstasjon

Straume gjenbruksstasjon opnar måndag 19. januar. Då møter du ein ny og moderne stasjon med nytt køyremønster. No skal du levere sortert avfall først og restavfall sist. Betale gjer du ved utgangen.

Publisert: 11.01.2026

Slik blir nye Straume gjenbruksstasjon

Straume gjenbruksstasjon opnar måndag 19. januar. Då møter du ein ny og moderne stasjon med nytt køyremønster. No skal du levere sortert avfall først og restavfall sist. Betale gjer du ved utgangen.

Den nye stasjonen er lagt til rette for endå meir sortering og gjenvinning. No skal du vege restavfallet og berre betale per kilo restavfall og deponi du kastar. Alt anna sortert avfall kan leverast utan kostnad.

Tre innkøyringar inkludert i året

Når du kjem til Straume gjenbruksstasjon, startar besøket foran bommane ved inngongen. For å sleppe inn, scannar du QR-koden du finn i ØyVAR-appen.

I den nye, vektbaserte ordninga for renovasjon får du tre besøk på gjenbruksstasjonane inkludert i renovasjonsgebyret i året, noko som er nok for dei fleste. Bruker du opp kvoten før året er omme, må du betale for å køyre inn.

Skal du berre levere til gjenbruksbutikken, bruker du ikkje av kvoten. Då vel du dette på skjermen ved innkøyring. Parker på gjesteparkeringa utanfor og gå inn på stasjonen om du berre skal handle i gjenbruksbutikken.

Sortert avfall først, restavfall sist

Gjenbruksbutikken finn du til venstre rett innafor bommane. Her kan du levere inn interiør og andre mindre gjenstandar som eignar seg for ombruk. Det er dei tilsette som vurderer kva som kan takast imot. Dei tek ikkje i mot store møblar som til eksempel sofa og bord.

På høgre side finn du konteinarrekkja, der du skal levere sortert avfall. Den første konteinaren du kjem til er for hageavfall. Men skal du berre levere hageavfall, oppmodar vi deg om å bruke Midtstegen gjenbruksstasjon. Der treng du ikkje å bruke av inngangskvota di for å levere gratis i hageavfallsmottaket utanfor stasjonen.

I rekkja til høgre finn du til dømes konteinarar for trevirke, skrapmetall, hardplast og papp og papir. I bygget til venstre etter bruktbutikken leverer du farleg avfall og elektronisk avfall (EE-avfall) innandørs.

Betalinga gjer du til slutt

Først etter at du har levert alt sortert avfall kan du kaste restavfall og deponivarer, som til eksempel steinmassar, takstein, fliser og betong.

Då køyrer du bil og tilhengjar opp på vekta og registrerer vekta ved å scanne qr-koden. Etter at du har vege lasten, kastar du restavfallet eller deponivarene og køyrer mot utgangen der du kjem opp på ei ny vekt og scannar qr-koden og betaler.

Når du har betalt, opnar bommen seg og du kan køyre ut.

Vel møtt til nye Straume gjenbruksstasjon!