• Start |
  • Siste nytt |
  • Saman når vi …

Saman når vi sorteringsmåla

Avfallsforskrifta set tydelege krav til Øygarden kommune om sortering av avfall og gjenvinning av materiale. Utan at innbyggarane er med på laget, vil vi ikkje klare å nå desse nasjonale måla. Restavfallet som du leverer i restavfallsdunken din, går til forbrenning. Det som blir sortert riktig, kan bli til nye produkt.

Publisert: 16.02.2026

Ved riktig sortering sparer vi naturressursar, reduserer klimagassutslepp og vi får lågare kostnader til forbrenning av restavfall. I dag viser erfaringstal at minst 60 % av det som ligg i restavfallet kunne vore sortert ut i matavfall, plast, papir, glas- og metallemballasje - eller levert på gjenbruksstasjonen.

Dette er eit typisk restavfallsspann frå 2025. Berre 29% av innhaldet er faktisk restavfall, resten kan sorterast ut til materialgjenvinning.

Målet er at 65% av avfallet skal gå til materialgjenvinning i 2035. Saman kan vi nå dette målet.

Det finst fleire mogelege løysingar for at vi, saman, kan nå måla. Nokre kommunar har innført betaling pr tømming av restavfallsspann, nokre har valt å gå for sjeldnare tømming av restavfall, medan andre gjer store investeringar i ettersorteringsanlegg. Desse løysingane gir enten eit redusert tilbod til innbyggarane eller medfører store kostnader som må delast på alle innbyggarane. ØyVAR har valt å oppretthalde tilbodet, men at ein no betaler eit variabelt gebyr for den mengda restavfall som ein faktisk kastar. På den måten kan vi halde på eit godt tilbod samtidig som folk får eit insentiv til å sortere betre. Vi veit frå forsking (NHH i samarbeid med BIR) og vårt eige pilotprosjekt at betalingsmodellar som kombinerer god informasjon med økonomiske insentiv gir god effekt på reduksjon av restavfall og auka avfallssortering.

Erfaringa så langt i 2026

Erfaringa så langt i 2026 viser allereie ei tydeleg endring i sorteringa: Mengda restavfall går tydeleg ned, medan mengda matavfall og papp/papir går opp. I tillegg meldar renovatørane om ei betydeleg auke i sekkar for returplast som dei samlar inn. Samtidig ser vi at den totale mengda avfall held seg stabil, noko som tyder på at avfallet i større grad blir sortert riktig, ikkje at det blir brent eller forsvinn.

 

Takk for den innsatsen du gjer for at vi saman kan nå måla!