
Øydelagde og slitte tekstilar skal innleverast til gjenvinning
Utslitne og holete tøy skal ikkje lenger kastast i …
Har du brukt returplastsekkar til restavfall? Det kostar deg ekstra når du leverer på gjenbruksstasjonen og gjer sorteringa meir krevjande.
Leverer du restavfall i returplastsekkar på gjenbruksstasjonen vil det koste deg 10 kr ekstra for kvar sekk. Bruk heller gjennomsiktige avfallssekkar, som du kan kjøpe i butikken. Då unngår du denne ekstrakostnaden og det blir meir lønsamt for både deg og miljøet. Samtidig bidreg du til ei meir effektiv avfallshandtering.
Returplastsekkane er laga for å samle inn plast til gjenvinning. Når dei blir brukt til restavfall, blir sorteringsprosessen meir komplisert og kostbar. For at plasten skal kunne bli til nye produkt, er det viktig å bruke sekkane slik dei er tenkt. Brukar du returplastsekkane til returplast får du sekkane gratis.
Det er viktig at restavfallssekkane også er gjennomsiktige. Årsaka er at det skal vere mogleg å sjå om avfallet er sortert riktig. Har det hamna til eksempel batteri i restavfallet, er det viktig å få det sortert ut for å unngå brann.
Riktig kjeldesortering gjer ein forskjell, både for økonomien og for miljøet. Har du spørsmål om korleis du skal sortere avfall? På nettsida vår finn du ein søkefunksjon som gir klare svar på kva du skal gjere med ulike typar avfall.
Takk for at du er med på å gjere Øygarden reinare og meir berekraftig.