Anskaffelsesprisen blir delt ut av Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) og løftar fram verksemder som går føre i arbeidet med grøne og berekraftige innkjøp. Prisen blei delt ut under Anskaffelseskonferansen i Oslo i november.
Rogaland fylkeskommune gjekk til topps for sitt arbeid med berekraftig forbruk og gjenbruk av ressursar, medan ØyVAR kom andreplass foran Veidekke og Trøndelag fylkeskommune som kom på tredje plass. Vinnaren blei kåra av publikum etter at juryen hadde plukka ut dei tre finalistane blant 21 nominerte.
Kostnadseffektivt og berekraftig
Juryen peikar på at ØyVAR gjennom fleire år har vist ein kultur for grøn nytenking og nøysamheit. Mellom anna blei reinseanlegget på Storanipa bygd til under halvparten av investeringskostnaden og med eit energiforbruk på berre éin åttandedel av tradisjonelle løysingar i 2019.
Også pumpestasjonen i rustfritt stål, installert i 2024, vart trekt fram som eit døme på korleis smarte val kan gi både økonomiske og miljømessige gevinstar.
– Vi jobbar kvar dag for å finne dei mest kostnadseffektive, berekraftige og langsiktige løysingane for innbyggarane våre. Å bli løfta fram som finalist og kome heilt til topp tre i landet er ei hyggeleg anerkjenning av dette arbeidet, seier administrerande direktør i ØyVAR, Bjarne Ulvestad.
Brukte planperioden til å tenkje nytt
Då Fjell kommunestyre vedtok å bygge eit nytt reinseanlegg for 50 000 innbyggarar i fjellet på Storanipa, var det klart at prosjektet ville bli stort og krevjande. Å bygge i fjell er dyrt, og det gav ein tydeleg grunn til å finne meir arealeffektive og smarte løysingar.
Samtidig måtte det utarbeidast ein reguleringsplan som ville ta fleire år. Ventetida brukte ØyVAR til å leggje til rette for innovasjon og samarbeid med leverandørar.
Med bistand frå Leverandørutviklingsprogrammet (LUP) gjekk selskapet ut i marknaden med opne spørsmål om korleis avløpsvatn kunne reinsast betre. Gjennom prosessen kom ØyVAR i kontakt med ny teknologi frå Tyskland, og samarbeidet med HUBER vart starta.
Resultatet blei eit enklare anlegg som berre krev to tredelar av arealet til eit tradisjonelt anlegg. Det er rimelegare å drifte og har mindre behov for vedlikehald.
– Å vere open for samarbeid og ny teknologi har vore heilt avgjerande. Vi brukte tida godt og fann ei løysing som både sparer pengar og miljø. Denne prisen inspirerer oss til å halde fram med å utfordre det etablerte, seier Ulvestad.