• Start |
  • Siste nytt |
  • Oppgradering av …

Oppgradering av avløpsledning Hallvardsvegen

Øyvar skal rehabilitere den eksisterande avløpsleidninga i Hallvardsvegen. Arbeidet startar hausten 2026 og vil kunne medføre kortvarige forstyrringar i avløpsnettet og trafikken i området.

Publisert: 23.09.2026

Arbeidet startar i løpet av hausten og er planlagt ferdigstilt før jul.

Arbeidet omfattar rehabilitering av leidninga i Hallvardsvegen vidare ned til hovudvegen i Klokkarvik

I anleggsperioden kan det vere periodar der avløpssystemet blir påverka. Øyvar vil så langt det er mogleg varsle berørte abonnentar på førehand dersom arbeidet medfører driftsforstyrringar eller andre mellombelse utfordringar i avløpsnettet.

Det er ikkje planlagt å stenge vegen medan arbeidet går føre seg. Trafikantar må likevel rekne med at det kan bli kortvarige stengingar eller trafikkregulering i samband med gjennomføringa av arbeidet.

Øyvar beklagar eventuelle ulemper arbeidet kan medføre og takkar for forståinga medan vi oppgraderer infrastrukturen for eit trygt og påliteleg avløpssystem også i framtida.

Kartutsnitt over området der arbeidet skal utførast