• Start |
  • Siste nytt |
  • Nytt hageavfallsmottak …

Nytt hageavfallsmottak opnar på Midtstegen – lever når det passar deg

Frå 13. juli 2026 opnar det ombygde hageavfallsmottaket på Midtstegen i Skogsvåg. Med Grønt kort i ØyVAR-appen kan du levere hageavfall kvar dag mellom kl. 08:00 og 20:00 – heile sommaren.

Publisert: 13.07.2026

Det ombygde anlegget er ope for alle privatkundane våre i den ordinære opningstida til gjenbruksstasjonen på Midtstegen. Vil du levere utanom desse tidene, tek du det enkle e-kurset «Grønt kort» i ØyVAR-appen. Då får du tilgang til det ubemanna mottaket kvar dag frå 08:00 til 20:00.

Slik får du Grønt kort

  1. Last ned ØyVAR-appen.
  2. Gjennomfør e-kurset «Grønt kort».
  3. Når kurset er gjennomført og godkjent, er Grønt kort aktivt i appen om lag éin time seinare.

Då kan du levere hageavfall på eiga hand kvar dag mellom 08:00 og 20:00, heile sommaren 2026.

Sommarstengt i vekene 29, 30 og 31
Midtstegen gjenbruksstasjon er sommarstengt i vekene 29, 30 og 31 (13. juli–2. august 2026). I desse vekene kan du framleis levere hageavfall:

  • med Grønt kort på det ubemanna mottaket (gjeld berre hageavfall), eller
  • på gjenbruksstasjonen på Straume.

Frå uke 32 er det igjen bemanna opningstider på Midtstegen gjenbruksstasjon og hageavfallsmottak:

  • Måndag: 09:30–19:45
  • Tysdag: stengt
  • Onsdag: 09:30–16:00
  • Torsdag: stengt
  • Fredag: stengt
  • Laurdag: 09:30–16:00
  • Søndag: stengt