Vi gler oss til å ønske deg velkommen til Straume gjenbruksstasjon når dørene opnar måndag 19. januar 2026. Den nye stasjonen har betre kapasitet og eit betre og meir moderne system for levering av avfall, slik at du får ei enklare og meir effektiv oppleving.
Eit meir komplett tilbod
Når den nye gjenbruksstasjonen opnar, innfører vi nye opningstider både på Straume og Midtstegen. Bakgrunnen er ei kartlegging av behovet som viser når gjenbruksstasjonane blir mest besøkte. Målet er å møte dette behovet og gi eit meir komplett tilbod til innbyggarane.
Straume gjenbruksstasjon held ope til klokka 19.45 tre dagar i veka, tilpassa deg som arbeider dagtid og vil levere på ettermiddag og kveld. Det er i tillegg gode høve til formiddagslevering: fredag og laurdag på Straume, og måndag, onsdag og laurdag på Midtstegen.
Målet er at fleire skal finne eit tidspunkt som passar i vekedagane, slik at trafikken fordeler seg jamnare gjennom veka. Då unngår vi dei lange køane som ofte oppstår på laurdagane.
Opningstider frå 19. januar 2026
Straume gjenbruksstasjon:
Måndag, tysdag og torsdag: 13.00–19.45
Fredag: 09.30–16.00
Laurdag: 09.30–16.00
Midtstegen gjenbruksstasjon:
Måndag, onsdag og laurdag: 09.30–16.00
Opningstidene på Tjeldstø miljøstasjon er uendra. Stasjonen held fram med å ha ope kvar onsdag kl. 10.00–18.00.