• Start |
  • Siste nytt |
  • Ny sensor gir betre …

Ny sensor gir betre oversikt over vasskvaliteten på Litlesotra og Bjorøy

ØyVAR har sett i gang fleire tiltak for å sikre endå betre kvalitet på drikkevatnet. Testing av ein ny sensor har gitt betre oversikt over vasskvaliteten og dosering av kjemikaliar, medan eit nytt reinsestoff skal redusere partiklar i vatnet.

Publisert: 04.06.2025

Ved Bildøyvatnet vassbehandlingsanlegg har ØyVAR testa ut teknologi som gir høve til å overvake vasskvaliteten i sanntid. Med støtte frå Folkehelseinstituttet installerte ØyVAR i juni i fjor ein sensor som kan måle kor mykje lys vatnet absorberer, og dermed raskt avsløre endringar i vatnet på anlegget. Målet var å sjå om dette kan vere eit betre verktøy for å justere til heilt riktig mengde utfellingskjemikalie – stoffet vi brukar for å reinse vatnet. No er prosjektet fullført, og resultata er gode.

– Sensoren ga oss verdifull informasjon om kvaliteten på vatnet og variasjonar undervegs i vassbehandlinga. Han gjorde det òg mogleg å justere doseringa av kjemikaliar meir presist for å få klårare vatn, seier Hilde Vik Halleraker, leiar for kvalitetssikring og HMS i ØyVAR.

Færre svarte partiklar

Dette er eitt av fleire tiltak ØyVAR har sett i gang for å optimalisere vassverka i Øygarden. Bakgrunnen for tiltaka er at vi tidvis har funne svarte partiklar i vatnet. Partiklane er utfelt mangan – eit stoff som finst naturleg i råvatnkjeldene. Når vi tilfører fellingskjemikalie i reinsinga, kan det kome fleire slike partiklar.

– Mengda utfelt mangan i drikkevatnet har heile tida vore godt innanfor grenseverdiane i drikkevassforskrifta, så det er inga helsefare knytt til dette. Men vi jobbar kontinuerleg med å forbetre vasskvaliteten, og held derfor no på å få godkjent eit nytt fellingskjemikalie som skal redusere mengda mangan i drikkevatnet. Målet er å redusere utfelling og svarte partiklar i vatnet etter at vi har bytt reinsestoff, seier Halleraker, som håpar at det nye fellingskjemikaliet blir godkjent og teke i bruk i løpet av 2025.

Leiar for kvalitetssikring og HMS i ØyVAR, Hilde Vik Halleraker, kan fortelle om gode resultat etter testing av ny sensor på Bildøyvatnet vassverk.

Sensor kan varsle om avvik

I dag blir laboratorieprøvar brukte i kombinasjon med målingar av turbiditet – eit mål på kor uklar ei væske er for lys – for å overvake vasskvaliteten. Jo lågare turbiditet, jo klårare er vatnet.

Sensoren som er teken i bruk på Bildøyvatnet vassverk, viste seg å vere eit godt supplement til desse metodane, også i overvakinga av filtreringa frå råvatn til reint vatn. Til dømes avdekte sensoren at eitt av filtrene trong ekstra oppfølging. Laboratorieprøvane stadfesta dette, medan turbiditetsmålingane ikkje viste det like tydeleg.

– Det handlar om å forstå anlegget vårt betre og vere føre var. Sensoren har òg vist potensial som eit tidleg varslingssystem, med moglegheit for å sette opp alarmar når det oppstår avvik i vasskvaliteten, seier Halleraker.

Sensoren er også brukarvenleg og krev lite vedlikehald. ØyVAR og Bildøyvatnet vassbehandlingsanlegg ønsker å vidareføre bruken for å forbetre vasskvaliteten og regulere doseringa av fellingskjemikalie.