• Start |
  • Siste nytt |
  • Ny gjenbruksbutikk gir …

Ny gjenbruksbutikk gir nytt liv til ting – og menneske

Når Straume gjenbruksstasjon opnar i januar, kjem det òg ein gjenbruksbutikk – driven av Trigger. Her får brukte ting nytt liv, og menneske får ein trygg og meiningsfull veg inn i arbeidslivet.

Publisert: 23.06.2025

Straume gjenbruksstasjon står etter planen klar i januar 2026, og opnar med ein heilt ny gjenbruksbutikk i lokala. Butikken skal drivast av tiltaksbedrifta Trigger, som tilbyr tilrettelagt arbeid, arbeidsførebuande trening og arbeidspraksis for elevar. Det betyr at vi får ein trygg og meiningsfull arbeidsarena for menneske som treng tilrettelegging eller hjelp ut i eller tilbake til arbeidslivet – og ei butikkoppleving med ekte verdi.

Det er ventelister for folk som treng hjelp ut i arbeidslivet i Øygarden kommune. No blir det oppretta fleire nye arbeidsplassar i gjenbruksbutikken.

– Kan ikkje skildre kor mykje det betyr

– Det går nesten ikkje an å skildre med ord kor mykje det betyr for den enkelte å få ein moglegheit på ein arbeidsarena som dette. Min grunntanke er at jobb gir retning i kvardagen – det handlar om mestring, fellesskap og struktur. Ein jobb kan vere starten på noko nytt, seier dagleg leiar Hege Elvestad i Trigger, som har fleire arbeidsarenaer i Øygarden.

Sjølv om dei aldri har drive ein gjenbruksbutikk før, var dei ikkje i tvil då ØyVAR spurde om dei ville ta ansvaret.

– Våre arbeidsarenaer skal spegle det ordinære arbeidslivet, og denne arenaen er veldig god. Her er det utruleg gode og spennande arbeidsoppgåver. Du får jobbe med sal og service, kundebehandling, vurdering, sortering, prising, rydding og vasking. Målet er læring og utvikling for kvar enkelt, slik at dei kan vekse som menneske, eventuelt få lærekandidatbevis i til dømes sal og service – eller bli så dyktige at dei kjem ut i ordinært arbeid.

Hege Elvestad i Trigger var ikkje i tvil då Bjarne Ulvestad i ØyVAR spurte om tiltaksbedrifta ville drifte gjenbruksbutikken på nye Straume gjenbruksstasjon.

Gjenbruksbutikk med sirkulær og sosial verdi

Dagleg leiar Bjarne Ulvestad i ØyVAR er svært glad for at Trigger har takka ja til å drive butikken. ØyVAR tek samfunnsansvaret sitt på alvor, og ønskte å vidareutvikle gjenbrukstilbodet på stasjonane for å oppmode til meir ombruk og betre sirkulærøkonomi. Men Ulvestad ønskte ikkje at ØyVAR sjølv skulle drive butikken – han ville heller gi ansvaret til ei bedrift med eit anna viktig samfunnsoppdrag.

– Trigger gjer ein fantastisk innsats for å hjelpe folk inn i arbeidslivet. Vi ville bidra til at denne butikken ikkje berre skaper sirkulær verdi, men òg sosial verdi, seier Ulvestad. Han trur innbyggjarane vil setje pris på ein butikk som gir tilbake til lokalsamfunnet på fleire måtar – både til menneske som treng det og til miljøet.

– Vi gler oss til å sjå korleis Trigger vil utvikle gjenbruksbutikken. Vi veit at gode butikkopplevingar, der gjenbruksting blir godt presenterte, kan stimulere til større medvit rundt bruk og kast – og til å kjøpe brukt framfor nytt.

Målet er å skape eit godt arbeidsmiljø

Prisnivået i butikken vil liggje i det nedre sjiktet, og motivasjonen er ikkje profitt.

– Det blir ikkje ein fancy vintagebutikk – vi er ikkje der. Målet med butikken er å skape eit godt arbeidsmiljø der kvar enkelt kan utvikle seg i eit trygt og tilpassa miljø. Alt vi tener, går tilbake til bedrifta. Inntektene blir brukte til å vidareutvikle tilbodet vårt og sikre drifta av butikken. Vi bygger stein for stein, med tanke på langsiktigheit og kvalitet, seier Elvestad – og håpar at øyværingane kjem innom for å levere vidare gjenstandar som andre kan ha bruk for, og for ein prat, ein titt og ein god handel. Kanskje gjer du eit skikkeleg bruktkupp?

Avdelingsleiar Linda Teigland i Trigger skal leie arbeidsarenaen og gjenbruksbutikken på Straume gjenbruksstasjon.