Sist oppdatert: 10.06.2026
Nokre små hugsereglar for sommaren
Sommaren er tid for turar, bading, grilling og gode dagar ute. Då blir det også ofte litt meir avfall på turstiar, badeplassar og andre populære utfartsområde.
Her er nokre enkle hugsereglar som gjer det lettare å halde det fint rundt oss.
Ta med bosset vidare om spannet er fullt
Er bosspanna fulle på turstien eller badeplassen? Då er det fint om du tek med deg bosset vidare.
Vi tømmar så raskt vi kan, men vêret i Øygarden kan gjere det vanskeleg å planleggje både bemanning og kapasitet. På fine sommardagar kan det bli mykje avfall på kort tid.
Eingongsgrillen må vere heilt kald
Eingongsgrillar må vere heilt kalde før dei blir kasta. Bruk eigne dunkar for eingongsgrill der det finst.
Er dunken full, eller finst det ikkje ein eigen dunk der du er? Då må grillen takast med vidare. Ein varm grill kan føre til brannfare dersom han blir kasta feil.
Hugs å kjeldesortere
Også om sommaren er det viktig å sortere avfallet riktig. Flasker, boksar, matavfall og emballasje skal sorterast der det er mogleg.
Små grep gjer ein stor forskjell når mange er ute og brukar naturen.
Et is, nyt sommardagane og hjelp oss å halde Øygarden rein og fin.
God sommar!










