• Start |
  • Siste nytt |
  • Høyring kommunalteknisk …

Høyring kommunalteknisk vatn- og avløpsnorm

Plan- og miljøutvalet vedtek å leggja framlegg til Kommunalteknisk VA-norm, Overvassnorm og Sjekkliste for VAO-rammeplan ut på høyring og offentleg ettersyn i 6 veker frå kunngjering.

Publisert: 16.06.2025

Plan- og miljøutvalet har vedteke å leggja følgjande dokument på høyring og offentleg ettersyn:

  • Kommunalteknisk vatn- og avløpsnorm m/vedlegg
  • Vedlegg B 1 Sjekkliste til VAO-rammeplan
  • Vedlegg B 8 Overvassnorm Øygarden kommune

Høyringsfrist er sett til: 24.08.2025

Det vert også varsla om at kommunen vil vedta Standard abonnementsvilkår for vann og avløp med administrative og tekniske føresegn.

oygarden.kommune.no finn du all informasjon om høyringa, alle relevante dokument og korleis du kan komme med merknader og innspel.